Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Smerte - Ålesund

For pasientar med langvareg/kronisk smerte

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod eller ved nok deltakarar

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Tilvising skal sendast elektronisk til Smertepoliklinikken, Ålesund sjukehus.

Ønsker du å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om smerte, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med kronisk smerte.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Innhald

  • Mindfulness /oppmerksomt og nærvær
  • Aksept og forpliktelsesterapi og pacing
  • Søvnhygiene
  • Stress og smerte
  • Kosthald og smerte
  • Smerte som sammensatt fenomen
  • Medikament som blir brukt i smertesammenheng
  • Å leve med langvarige smerter


Praktiske opplysingar

Kurset går kvar torsdag kl. 10.00-13.30 over 5 veker.

Bevertning: Det blir servert lunsj, kaffe og te. Vi sender faktura etter kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.

Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, høyrsel etc.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.


Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Smerteopplæring

Kontakt