Heime når du kan - på sjukehus når du må
Praktisk før vi kjem på besøk
Dette må de vite før vi kjem frå avansert heimesjukehus.
- Merk ringeklokka med namnet dykkar, og sjekk at den fungerer.
- Ha namn på døra i felles oppgang.
- Ver alltid tilgjengeleg på telefon slik at vi kan nå dykk.
- Gi tilbakemelding på SMS vi sender, gjerne med namn.
- Utstyr som vi set igjen heime hos dykk, er berre til bruk for tilsette ved avansert heimesjukehus.
- Ta kontakt med oss dersom de har behov for utstyr sjølve.
- Dersom vi gløymer igjen utstyr etter besøket, må de gi beskjed til oss
- Informer oss om eventuelle husdyr.
- Det må vere mogleg å parkere i nærleiken.
- Dersom de må reise til sjukehuset, kan ikkje vi tilby transport.
Sist oppdatert 30.10.2023