Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
BARN OG UNGE I FAMILIEN?
Barn som pårørande
Denne informasjonen er til deg som har barn eller ungdom i familien. Du er kanskje pasient, pårørande eller forelder til eit sjukt barn som har søsken.
Appen «Meg også» er for deg som opplever sjukdom i familie eller vennekrets. Appen er gratis og kan lastast ned på nettbrett og/eller mobiltelefon ved å søke på "Meg også" i Appstore eller Play-butikken.
Vi på sjukehuset ønsker å bidra til at barn og ungdom i familien din blir tatt vare på. Barn blir påverka når nokon i familien er sjuke. Dei treng vaksne som er opne og ærlege om det som skjer.
Vi spør alltid om pasientane våre har barn eller søsken som er under 18 år. Vi spør pasienten sjølv, eller den som følger pasienten til sjukehuset.
Vi vil gjerne få vete litt om korleis barna har det. Det gjer vi mellom anna ved å spørje:
Kva heiter barna og kor gamle er dei?
Kor bur barna og kven tar vare på dei når pasienten får behandling?
Kva veit barna om sjukdommen og behandlinga?
Dersom barna kan ha behov for informasjon eller oppfølging, er det vanleg å snakke meir om:
Korleis barna har det
Kva barna kan ha behov for å vite meir om
Korleis påverkar sjukdommen kvardagen i familien
Kven kan vere ressurspersonar for barna; i familien, i nabolaget eller på skolen
Samtalar med deg om barna
Kva har barna opplevd, kva er vanlege reaksjonar og korleis snakkar de i lag om det som skjer. Andre tema kan vere korleis det er å vere forelder når det er sjukdom i familien
Samtalar med familien eller barna åleine
Kva veit barna, korleis har kvardagslivet endra seg, har alle den informasjonen dei treng, korleis handterer familien situasjonen og kva vil skje framover
Tilrettelegge når barn og unge skal på besøk på sjukehuset
Informasjon om gode stader å finne kunnskap, hjelp og støtte
Kontakt og samarbeid med andre tenester (for eksempel helsesøster, skole eller andre).
Tips og råd til familien
Barn treng openheit når nokon i familien blir sjuke. Openheit betyr de snakkar om det som skjer og korleis de opplev det. Barn treng også å få vere med å bestemme og bidra med oppgåver som dei meistrar.
Under finn du råd for kva som kan vere lurt å gjere før, under og etter behandling. Då ulike behandlingar har ulik varigheit, kan du lese råda både samla og på ulike tidspunkt undervegs i behandlinga.
Fortel barna om sjukdom og behandling så tidleg som mogleg
Tenk gjennom kva barna har fått med seg: Kva veit dei og kva kan dei lure på
Snakk opent med barna om det som skal skje: Ver ærleg, bruk ord som dei kan forstå, og oppmuntre dei til å spørje om dei lurer på noko
Vis gjerne tekst, bilde eller video som forklarar behandlinga, sjukdommen eller som viser sjukehuset. Bruk informasjon frå sjukehuset eller gode nettsider
Planlegg korleis de skal halde kontakta ved ei innlegging (telefon/meldingar/chat eller besøk på sjukehuset). Lag ei liste med kontaktinformasjon til sjukehuset og ha den tilgjengeleg heime slik at alle veit kor den er
Planlegg det som skal skje heime og lag oversikt over vanlege ting som måltid, lekser, husarbeid og fritidsaktivitetar
Er det spesielle hendingar i barna sine liv som ein bør ta ekstra omsyn til, for eksempel bursdagar?
Snakk med barna om kven som får informasjon om det som skjer, for eksempel familie, barnehage og skole
Spør barna kven dei ønsker skal vite om sjukdommen og om dei ønsker å fortelje noko sjølve
Snakk med barn og unge om kva dei kan seie om nokon spør om sjukdommen eller behandling
Informer barna om behandlinga og prognose. Ver ærleg og konkret
Vi kan gi råd om korleis snakke med barn. Vi kan også bli med i samtalar, åleine eller i lag med deg
Snakk med oss om besøk på sjukehuset og kven som er kontaktpersonar for barna
Avtal korleis de skal halde kontakten med kvarandre under behandlinga
Oppmuntre barna til å fortsette med sine daglege aktivitetar
Hald kontakta med familie, barnehage og skole
Dersom du får ein alvorleg beskjed: Informer barna etter at du sjølv har fått reagert. Involver andre vaksne omsorgspersonar, og be helsepersonell om å vere til stades om du ønsker det. Ikkje vent for lenge med å informere barna
Bruk tid saman. Fortsett med aktivitetar de liker eller finn på nye
Snakk med barna om korleis sjukdommen og behandlinga har påverka dei og familien
Fortel barna at dei kan føle og meine det dei vil, og at det er greit både å vere åleine og i lag med venner
Oppmuntre barna til vanlege fritidsaktivitetar
Snakk i lag om kva som vil skje framover med sjukdom, jobb og kvardagen i familien
Snakk i lag om kva oppgåver barna har heime. Er det passande eller bør dei endrast?
Sei ja til hjelp og støtte frå andre til stort og smått, frå familie, venner, naboar, barnehage eller skole
Hald kontakten med skole, barnehage og fritidsarenaar om familien sin situasjon og utvikling av sjukdommen