Avdeling kvinner, barnemedisin og habilitering
Avdeling kvinner, barnemedisin og habilitering består av fem somatiske seksjonar innan barnemedisin, ein seksjon for habilitering, med lokale både i Ålesund og Kristiansund og føde, barsel og gynekologisk poliklinikk i Ålesund. Barnemedisin tilbyr undersøkingar, behandling og omsorg på nasjonalt nivå og samarbeider med St. Olav hospital og andre regionsjukehus, der enkelte pasientgrupper har behov for deler av si behandling. Habiliteringstenesta gir tverrfagleg tilbod til barn og ungdom med nedsett funksjonsevne, som følge av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skadar i nervesystemet og bevegelsesapparatet. Gynekologi dag- og døgnbehandling utfører diagnostikk, behandling og pleie av pasientar med gynekologiske tilstandar. Fødslar før svangerskapsveke 35 og fødslar som krev utvida oppfølging og behandling i Møre og Romsdal, skjer ved Ålesund sjukehus.
Kontakt
Telefon
Postadresse
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Avdelingssjef har kontor i Barne- og ungdomsavdelinga, eit bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.Kurs og møter
- Astmaskulen - ÅlesundFor vaksne personar i tilknyting til barn og unge med astma.Astmaskulen - ÅlesundDato kjem
- Atopisk eksem - foreldre - KristiansundKurs for foreldre til små barn og aktuelle fagpersonar.Atopisk eksem - foreldre - KristiansundDato kjem
- Autismespektervanskar - føresette og fapersonar - ÅlesundFagdag for føresette og fagpersonar, eventuelt nye fagmiljø rundt born som nyleg har fått diagnosenAutismespektervanskar - føresette og fapersonar - ÅlesundDato kjem