Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habilitering barn og ungdom Ålesund

Habilitering av barn og ungdom ved Ålesund sjukehus er eit av Helse Møre og Romsdal HF sine to habiliteringstilbod for personar mellom 0-18 år. Tenesta gir tverrfagleg tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidlig erverva tilstandar, skadar i nervesystem eller bevegelsesapparat.

Habiliteringsarbeid er basert på at fleire fagpersonar arbeider saman. I tenesta arbeider ergoterapeut, fysioterapeut, lege, pedagog, psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionom. Kva for fagpersonar dykk møter er avhengig av kva hjelp dykk treng. Alle våre fagpersonar har kunnskap om og erfaring med habilitering av barn og unge. Alle som er i kontakt med oss får ein eigen kontaktperson ved tenesta.

Dette er de tre viktigaste arbeidsområda for tenesta:

  • Utgreiing av barn og ungdom i aldersgruppa 0-18 år for aktuelle problemstillingar
  • Rettleiing og råd til tiltak rundt barnet/ungdomen
  • Kurs/opplæring for foreldre og fagpersonar i kommunane

 

 

Informasjonshefte om Down syndrom.

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal Postboks 1600 6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ålesund sjukehus, Åsehaugen 3. 
Første veg til høgre etter avkøyring frå hovudvegen/E136 til sjukehuset (sjå under "Kart og parkering" - hus nr 17).

Kurs og møter