Det er viktig at du merkar mjølkeflaskene du leverer til morsmjølkbanken. Merk med givarnummer, dato for pumping og nummer om du pumpar fleire beger i løpet av dagen. Merk bakterieprøvene på same måte.
Ved levering av morsmjølk anbefalar vi å ha mjølkeflaskene i ein kjølebag under transporten. Hugs å ha bakterieprøvane i ein eigen pose.
Du kan levere mjølk når det passar, men beste tidspunktet er kvardagar kl. 09.00 til 15.00. Er dette vanskeleg kan du ta kontakt for evt avtale. Ved levering skal ein fylle ut eit skjema der vi spør om frysetemperatur og evt sjukdom i heimen.
Vi har og avtale om henting av mjølk ved Volda og Molde sjukehus på føremiddag. Ved Volda sjukehus på sentrallageret og ved Molde sjukehus på postmottaket. Mjølka blir då transportert til Ålesund med budbil. Vi kan og sende utstyr i retur. Blodprøver kan takast i Volda og Molde.
Er det noko du lurer på så spør når du er her eller ring oss.