Servicetilbod og drop-in
Dersom du har fått teknisk utstyr tilpassa ved høyrselssentralen, tilbyr vi drop-in for service og enkle reperasjonar slik at du kan møte opp utan avtale. Vi har ofte stor pågang, så ein må rekne med noko ventetid.
- Måndag: kl. 08.30-14.30
- Tysdag: kl. 08.30-14.30
- Onsdag kl. 09.00-14.30
- Torsdag kl. 08.30-14.30
- Fredag kl. 08.30-14.30
Luka er stengt i lunsjtida, kl 12.00-12.30.
Servicetilbodet gjeld enkle reperasjonar. Dersom vi ser at det er nødvendig med ein større reperasjon kan vi hjelpe deg med å sende inn utstyret til leverandør.
Dersom apparatet ditt er stumt/svakt kan du sjå våre intruksjonsvideoar for støtte til vedlikehald, i tillegg til instruksjonane i brukarrettleiinga di. Du bør sjekke filter, slange, reingjere propp/dome, observere lading og sjå til at batteriet ikkje er gammalt. Sjå våre instruksjonsvideoar her
Du betaler vanleg eigenandelstakst ved timeavtale, service og enkle reperasjonar.
Merk at timebestilling er nødvendig dersom du har behov for justering av høyreapparat eller høyrselstest. Ta ev. kontakt med oss via HelsaMi, på telefon, e-post eller ved skranken for å bestille time.