Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

LAB handbok for medisinsk biokjemi og blodbank

Den elektroniske handboka er vår introduksjon til "Analyseliste for medisinsk biokjemi og blodbank". Handboka er eit viktig bidrag til god samhandling mellom våre rekvirentar og Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund.

Her finn du Analyseoversikt for medisinsk biokjemi og blodbank. 

Ikkje alle analyser blir utført ved alle laboratoria. Ålesund og Molde vil naturlegvis ha det mest omfattande repertoaret, og prøver vil bli sendt mellom sjukehusa for analysering. 
Analyseoversikten for Molde, Kristiansund, Volda og Ålesund finn ein på intranett/internett.

Handboka inneheld relevant informasjon om rekvirering, kvalitetspolitikk, svartid, og dessutan informasjon om prøvetaking og innsending av prøver.

Dei ulike laboratoria har kome fram til sine referanseintervall som resultat av mange ulike vurderingar. For dei vanlegaste analysane innan klinisk kjemi er det innført felles referanseintervall i Norden (NORIP).

Vi håper boka gir verdifull informasjon. Den kan likevel ikkje erstatte lærebøker. For dei som vil ha breiare oversikt, vil vi sterkt anbefale «Laurell: Klinisk kjemi i praktisk medisin, Studentlitteratur, Lund» og: «Brukerhåndbok i medisinsk biokjemi av Stakkestad og Åsberg, utgitt på Akademisk forlag, Haugesund». «Nasjonal brukerhåndbok i Medisinsk Biokjemi» kan også lastas ned som App. Elektronisk handbok og analyseoversikt blir fortløpande oppdatert.

Vi håpar boka vil vere til nytte. Vi er takknemlege for alle forslag som kan gjere den betre.

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.

Sist oppdatert juni 2024.

Brit Valaas Viddal
Avdelingssjef

Ann Helen Aakernes
Kvalitetsrådgivar

Kvalitetssikring av laboratorietenester

Kvalitetspolitikk

Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank skal følgje dei standardar og målsettingar som er beskrive i klinikken sitt styringssystem. Klinikken følgjer prosedyrar og retningsliner som er gitt av overordna nivå i helseføretaket og frå statleg hald.

For den akkrediterte eininga i Ålesund, skal styringssystemet vere i samsvar med NS-EN ISO/IEC 15189.

Klinikk for diagnostikk skal sørgje for at brukarane er kjent med klinikken sin kvalitetspolitikk.

Leiinga ved Klinikk for diagnostikk pliktar å sørgje for at alle medarbeidarane er kjent med styringssystemet og er i stand til å bruke dette effektivt i arbeidet. Leiinga vil sørgje for dette ved kontinuerleg opplæring og ved å føre tilsyn gjennom interne revisjonar.

Leiinga forpliktar seg til å utvikle styringssystemet, med det som mål å stadig forbetre klinikken sine tenester.

Praktiske mål følgjer av dei overordna måla

For pasienten betyr dette:

  • at han/ho blir møtt med respekt og omtanke
  • at han/ho får nødvendig informasjon
  • at prøver blir tatt utan unødvendig plage og venting
  • at analyseresultata er pålitelege

For rekvirenten betyr dette:

  • at prøvene blir tatt til rett tid
  • at Ø-hjelpsprøver blir analyserte og svart ut raskt
  • at andre analyser blir utført innan rimeleg tid
  • at resultata er pålitelege
  • at resultata blir rapporterte til rett tid

For dei tilsette betyr dette:

  • at pasientane og kollegaene blir behandla med respekt og omtanke
  • at prøver blir tatt, behandla og analysert på korrekt måte
  • at rett resultat kjem til rett pasient til rett tid
  • at alle gjer det dei kan for å halde inngådde avtalar (opningstid, prøvetaking m.m.
  • at alle arbeider kvalitetsbevisst opp mot klinikken sine kvalitetsmål og tar ansvar for kvaliteten på eige arbeid i tråd med gjeldande prosedyrar og retningsliner.

For føretaksleiinga betyr dette:

  • at personlege og økonomiske ressursar blir utnytta mest muleg effektivt
  • at arbeidet blir utført på ein måte som skaper godt omdøme for arbeidsplassen

Akkreditering

Ved Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund er prøvetaking, det meste av aktiviteten på blodbanken og cirka 85 % av analysevolumet akkreditert etter NS-EN ISO/IEC 15189. Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet sitt personale, opplæring, internkontroll, utstyr, prosedyrar, arkivering, tilgjengelegheit og anna. For å oppretthalde akkrediteringa, blir laboratoriet vurdert av eksterne bedømmarar om lag ein gong årleg.
Ei oversikt over akkrediterte analyser finst i Analyseoversikten for avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.

Rekvirering

Sjukehusa sine poliklinikkar og avdelingar skal rekvirere elektronisk ved bruk av forordning i Helseplattforma.

Frå primærhelsetenesta blir laboratorieanalyser primært bestilt ved elektronisk rekvirering via HP Link eller Helseplattforma, og dels ved bruk av papirrekvisisjonar. For laboratoriet i Ålesund er papirrekvisisjonane utforma for elektronisk lesing.

Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane

Blodbankane i Helse Møre og Romsdal
Bl.nr: 9001: Bestilling av blodprodukt (for primærhelsetenesta). Finnast i vedlegg til prosedyre "Transfusjon av blodkomponantar utanfor sjukehus" for dei einingane som har avtale med blodbankane.  

Medisinsk biokjemi Ålesund og blodbank (MBBÅ):
Bl.nr: 1213: Rekvisisjonsskjema Blod Plasma Serum (til bruk i primærhelsetenesta) Bestill her
Bl.nr: 1022:  Rekvisisjon for svangerskapsimmunologi
Bl.nr: 1047:  Rekvisisjon for Allergiprøver 
Bl.nr: 1101:  Rekvisisjon Misbruksanalyser i urin

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda (MBBV):
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBBV

Medisinsk biokjemi og blodbank Molde (MBBM):
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBBM

Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund (MBBK):
Polikliniske pasientar: Rekvisisjon for laboratorieprøver for MBBK

Sædundersøkelse - Felles rekvisisjon Helse Møre og Romsdal
Bl.nr: H001: Rekvisisjon for sædundersøkelse 

Elektronisk rekvirering

Einingar internt i sjukehusa skal rekvirere prøver og blodprodukt elektronisk i føretaket sitt journalsystem.

Elektronisk rekvirering er, på lik line med rekvirering på papir, ei kontraktsinngåing med laboratoriet. Til grunn for denne praksisen ligg kjennskap til laboratoria sitt rekvisisjonsskjema og laboratoria si handbok.

Interne rekvirentar: Prosedyre for rekvirering i Helseplattforma finnast i Helseforetaket sitt kvalitetssystem. Sjå EQS ID: 20637 HP Lab og bildediagnostikk.

Eksterne rekvirentar: Opplysningar om HP Link, elektronisk rekvirering, finn du på denne internettsida.​

Ansvar for prøvetaking og sending av prøver til sjukehuslaboratoria

Prøvetakar er ansvarleg for korrekt prøvetaking og merking. Korrekt utfylt rekvisisjon skal følgje prøvene, enten elektronisk eller papir. Sending av prøver skjer enten ved sjukehusa sine hentetenester eller «ekspress over natt». Ved sending i posten gjeld Posten sine reglar for sending og emballering av biologisk materiale.

Dersom vi oppdagar alvorlege feil eller manglar ved ei mottatt prøve, vil denne bli forkasta. Rekvirenten vil få beskjed om dette så snart som råd og vanlegvis per telefon.

Tilleggsrekvirering

Laboratoria oppbevarer prøvematerialet i varierande tidsrom etter at analysane er utført. Rekvirentar kan ta kontakt med laboratoriet dersom behov for vidare undersøking av ei prøve skulle melde seg.

I nokre tilfelle utfører laboratoria tilleggsanalyser utan å konferere med rekvirenten. Det gjeld for eksempel ved allergiutgreiing, påvising av antinukleære antistoff (ANA), ved proteinkjemiske analysar eller i forbindelse med påvising av irregulære blodtypeantistoff i blodbanken.

Hasteprøver - Øyeblikkelig hjelp - Ringing av prøveresultat

For innlagte pasientar kan analyser til medisinsk biokjemi og blodbank som haster rekvirerast som ”Ø-hjelp”. Ved elektronisk rekvirering gjer ein det ved å velje prioritet ”Haster”, skrive at det haster i kommentarfeltet og kontakte laboratoriet for prøvetaking. Prøvene blir då prioriterte og prøveresultata blir gitt elektronisk eller per telefon straks dei er ferdige.

Rekvirentar frå primærhelsetenesta kan, når situasjonen tilseier det, ta kontakt med laboratoriet for å få analyser utført raskt. I slike tilfelle kan resultatet bli ringt til rekvirenten etter avtale. Vi ringer også prøveresultat når det er bedt om dette på rekvisisjonen. Elektroniske prøvesvar sendast rekvirenten fleire gonger i døgnet.

Vi ser det som rekvirenten sitt ansvar å følgje opp prøveresultat raskt dersom der er nødvendig. 

Laboratoriet ringer  ut prøveresultat etter ei etablert prosedyre for dette. EQS ID 532 "Ringing av prøveresultat"

Kontakt med rekvirentane

Vi ønskjer å vere ein aktiv samarbeidspart for rekvirentane våre. Vi vil gjerne ha ein lav terskel for kontakt både internt i sjukehusa og overfor eksterne rekvirentar.

Våre brukarar kan, når dei måtte ønskje det, ta kontakt med Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank for å få råd i tekniske spørsmål og i saker av laboratoriemedisinsk karakter. Det inneber også at rekvirenten kan besøke laboratoria for å bli kjent med våre rutinar og vår kvalitetspolitikk.

Vi vil gjere det vi kan for å utvikle tenestene våre for å ivareta alle brukarar sitt behov for ei moderne laboratorieteneste. Har du synspunkt på dette, ta gjerne kontakt med oss på telefon eller på e-post til brit.valaas.viddal@helse-mr.no

Klinikk for diagnostikk samarbeider med Noklus (Norsk kvalitetsforbetring av laboratorieundersøkelser) i saker som gjeld kvalitetssikring av prøvetaking og anna informasjon overfor brukarane i primærhelsetenesta.
Elles informerer Klinikk for diagnostikk sine brukarar via rundskriv og via Bioposten:  https://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-diagnostikk/bioposten

Utgiving av svar – forventa svartid

Dei fleste analyser ved medisinsk biokjemi og blodbank (unntatt dei som er nemnd nedanfor) blir analysert og svart ut elektronisk same kvardag eller kvardagen etter at prøva er tatt.

For prøver tatt på innlagte pasientar og i intern poliklinikk er forventa svartid på alle analysar om lag 90 minutt etter at prøven er mottatt på laboratoriet. Ved behov for utvida undersøking kan svartida verte auka. 

Laboratoria gir ut prøveresultat elektronisk og på papir. Dei fleste rekvirentar får ikkje lenger papirrapportar. Etter kvart skal alle papirrapportar vekk. Dette skjer gradvis og i samråd med kvart enkelt legekontor/rekvirent. ​Same dag eller dagen etter sendast papirrapport (til dei som fortsatt skal ha det). Dette gjeld for både polikliniske og innlagte pasientar.

Utgiving av blod - forventa leveringstid

  • ​Interne rekvirentar: Sjå prosedyre i EQS ID 21463 "Blodtransfusjoner - bestilling og transfusjon av blodkomponenter".
  • Eksterne rekvirentar finn informasjon på denne sida: Transfusjon av blodprodukt utanfor sjukehus.

Svartid for andre analysar Ålesund

Følgjande analyser vert utført alle kvardagar: 
  • C3 og C4
  • Haptoglobin
  • HbA1c
  • Kryoglobulin (svartid 5-7 dagar pga lang analysetid)
  • Kappa/Lambda lette kjeder
  • Løyseleg transferrinreseptor
  • Myoglobulin
  • Proteinelektroforese (svartid 2-3 dagar pga lang analysetid)
Følgjande analyser vert utført tre gongar i veka:
  • Fenytoin
  • Fenobarbital
  • Blod i avføring (iFOB/FOB)
  • Valproat 
Følgjande analyser vert utført to gongar i veka:
  • ACTH
  • α 1-antitrypsin
  • Ceruloplasmin
  • Ciklosporin
  • Deamidert gliadinpeptid IgG (Gliadin IgG)
  • HE4
  • Homocystein
  • Orosomucoid
  • Prealbumin
  • Spesifikke IgE (allergen)
  • Spytt-Kortisol
  • Takrolimus
  • Total IgE
  • Vevstransglutaminase (tTG) IgA (Cøliakidiagnostikk og Glutenintoleransetest)
  •  
  • Sæd-undersøking. Time skal tingast på førehand.
Følgjande analyser vert utført ein gong i veka:
  • Veksthormon
  • IGF-1
  • IGFBP-3
  • Immunfiksering
  • Urin-elfo
  • U-Bence Jones
  • Post-PEG-Prolaktin
Følgjande analyser vert utført ein gong i veka, vanligvis onsdagar: 
  • Protein C
  • Protein S
  • APC-resistens

Svartid for andre analysar Molde

Følgjande analysar vert utført minst ein gong i veka:
  • Proteinelfo
  • Isoelektrisk fokusering
  • CDT
  • Protein C
  • Protein S
  • Sæd-undersøking. Time skal tingast på førehand.

Svartid for andre analysar Kristiansund

  • PTH utførast to gonger per veke
  • Sæd-undersøking. Time skal tingast på førehand.

Svartid for andre analysar Volda

  • Sæd-undersøking. Time skal tingast på førehand.

Telefonsvar

Laboratoria har interne rutinar for når prøveresultat skal ringast til rekvirenten. I tillegg blir resultat ringt når dette er avtalt med rekvirenten. Resultat som blir gitt ut per telefon, blir sett på som mellombels og ikkje akkreditert.

Bruk av underleverandørar

Analyserepertoaret innan fagområdet medisinsk biokjemi og blodbank, er slik at det er lite aktuelt å sette bort rutinemessig analysearbeid til andre laboratorium. Vi nyttar dermed ikkje underleverandørar for nokon analyser.

Spesielt for antistoffutredning

I enkelte tilfelle kan blodbankane sende prøver til ein annan blodbank (St. Olavs hospital/Oslo universitetssjukehus Ullevål). Dette skjer når vi har problem med å identifisere antistoff ved bruk av cellepanelet vårt, eller for å verifisere spesielle antistoff-funn.

Det vil gå fram av den endelege svarrapporten at undersøkinga er utført ved eit anna laboratorium, samtidig med at analyseresultatet blir merka i samsvar med akkrediteringsstatusen til denne analysen ved dette laboratoriet.

Molde:
Positive dsDNA-resultat blir sendt til St. Olavs hospital for verifisering.

Prøvetaking og innsending av prøver

Kvaliteten på analysesvar er avhengig av kvaliteten på prøvetakinga og prøvehandsaminga, så vel som kvaliteten på analyseringa

Utstyr til prøvetaking

Fyljande prøvetakingsrør kan bestillast frå Avdeling for medisinsk biokjemi, sjå tabell.

Rør til spesialanalyser kan ein få ved å kontakte "sitt" laboratorium. 
Ver merksam på at alle rør er datostempla. Rør med utgått dato kan ha redusert vakuum. Det kan føre til feil prøvevolum i rør med tilsetting. Dessutan kan silikonbelegget på innsida av røret bli øydelagt ved for lang lagring.
Legg vekt på å bestille ei tilpassa mengd rør om gongen for å unngå å kaste utstyr som er blitt for gammalt.
Fullstendig oversikt over laboratorierekvisita som kan bestillast finnast på eige bestillingsskjema til dei ulike sjukehusa.

Tidspunkt for prøvetaking

Faste

Korrekt tolking av svar krev at blodprøva er tatt fastande for nokre av analysane. Dette gjeld spesielt glukose og C-peptid. ”Fastande” betyr at pasienten ikkje har spist eller røykt sidan klokka 24 kvelden før (det kan drikkast vatn.)  

Medikament

For medikamentanalyser er tid frå siste medikamentinntak til prøvetakingstidspunkt spesielt viktig. Som regel gjeld at blodprøve skal takast medikamentfastande. Men det er fleire viktige unnatak. Sjå difor alltid på omtalen av kvart medikament i analyseoversikta dersom du er i tvil.  

Døgnvariasjon

Fleire komponentar, spesielt hormon, kan ha karakteristisk døgnvariasjon. Prøvetakingstidspunkt vil då vere heilt avgjerande for tolking av prøveresultatet.
Tidspunkt for prøvetaking må skrivast på etiketten på prøverøret og på rekvisisjonsskjemaet.
Ved rekvirering av fertilitetshormon, husk å føre på dato for siste menstruasjon.
Dei første timane etter eit feittrikt måltid, kan blodet vere lipemisk på grunn av innhald av kylomikronar. Enkelte analyser kan då vere vanskeleg å utføre. Prøvetaking bør derfor ikkje skje dei første 4 timane etter eit feittrikt måltid.

Pasientens kroppsstilling

Kroppsstilling har innverknad på konsentrasjon av protein, proteinbundne stoff og blodceller. Konsentrasjonen av desse stig med 5-10 prosent frå liggande til ståande eller sittande stilling. Pasienten bør på grunn av dette ta prøven i same kropps-stilling ved kvar prøvetaking. Vi anbefaler at pasienten sit i ro i 15 minutt før prøvetaking.   

Svangerskapsprøver

Gravide bør få tilbud om blodprøve for ABO/RhD-typing og undersøkelse for blodtypeantistoff i første trimester.

Stase

Ved prøvetaking er det vanleg å bruke stase. Den bør ein løyse straks nåla er på plass i vena. Ved kraftig og langvarig stase aukar kapillærtrykket, og vatn og lågmolekylære komponentar blir i aukande grad filtrert ut i vevsvæska. Resultatet blir falsk høg konsentrasjon av komponentar som ikkje kan passere kapillærveggen, eksempelvis hemoglobin, protein og stoff bunde til protein. Endringane det første minuttet stasen er på, er relativt små. Men alt etter 3 minutt kan konsentrasjonen av stormolekylære komponentar ha auka med 15 %.
Pasienten skal ikkje «pumpe» med handa under prøvetaking. Dette har størst innverknad på kalium og magnesium.  

Utfylling av papirrekvisisjon 

Rekvisisjonen fyllast ut maskinelt eller med tydeleg handskrift (ikkje bruk tusj eller raud penn)

  • korrekt pasientnamn og fødselsnummer
  • ved utanlandsk pasient utan personnummer må kjønn førast på,
    spesifiser om det er asylsøkar, flyktning eller arbeidstakar
  • rekvirentnamn, adresse og rekvirentkode (HER-id)
  • prøvetakingsdato og klokkeslett
  • kliniske opplysningar (særleg ved blodutstryk og protein C og S)
  • dosering ved medikamentprøver
  • eventuelt diurese ved urinanalyser

Ønskjer rekvirenten at prøveresultatet skal bli ringt tilbake, ber vi om at dette, saman med telefonnummer, blir skrive tydeleg på rekvisisjonen (helst med raudt!). Bruk i tilfelle eit telefonnummer som det er mogleg for laboratoriet å nå også utanom opningstida på legekontoret.

Identifisering av pasient 

Den som tar prøve, er ansvarleg for å sikre pasienten sin identitet. Dette gjer ein ved at prøvetakar ber pasienten om å seie namnet sitt, fødselsdato og personnummer før prøvetaking, helst etter at etikettar er skrivne ut. Alle rør skal merkast umiddelbart etter prøvetaking - ved pasienten.
Det er krav om at prøvar som skal brukast som grunnlag for ABO-typing og/eller blodtransfusjon – pretransfusjonsprøve – skal vere merka med namn og fødselsnummer, 11 siffer. Den som tar prøven skal signere med for- og etternamn på prøverøret. 

Rekkefølgje ved tapping av mange rør

Når ein skal tappe blod i fleire rør, bør dette gjerast i ei rekkefølgje som reduserer faren for overføring av tilsettingsstoff frå det eine røret til det andre.
 
Regel for rekkefølgje: 

  1. Blodkulturrør (spesiell vaskeprosedyre)
  2. Rør til koagulasjonsprøver (lysblå topp)
  3. Rør utan tilsetting (rød topp)
  4. Gelrør (rød topp med gul ring)
  5. RST (trombinrør)
  6. Heparinrør med eller utan gel (grøn topp)
  7. EDTA-rør (lilla topp)
  8. Andre prøverør (tildømes SR)

Viktig!
Etter at røra er fylt skal dei blandast godt ved å vende dei forsiktig opp-ned 5-10 gongar. La alle rør koagulere ståande(1).
NB! Merk alle rør med namn, fødselsnummer (11 siffer) og prøvetakingsdato straks etter prøvetaking!
NB! Prøver til svangerskapsimmunologi og ABO/pretransfusjonsprøvar skal alltid merkast med fullt fødselsnummer.

Prøvetaking ved pågåande infusjon

Det er rekvirentens sitt ansvar å rekvirere prøva til det mest optimale klokkeslett med tanke på pågåande infusjon.
Infusjonsvæsker kan virke inn på prøveresultata sjølv om prøve er tatt forskriftsmessig. Spesielt gjeld dette infusjon med intralipid og dersom Hb-måling blir tatt under pågåande blodtransfusjon. For å monitorere effekt av ei behandling, bør ein vente 8 timar etter lipidinfusjon og 1 time etter andre infusjonar før blodprøve tas. Ved lipidinfusjon legg vi inn dette som kommentar til prøvesvara, så sant vi er gjort merksam på at slik infusjon  er i gang.
Dersom hensikta er å få eit svar som seier noko om tilstanden til pasienten på eit gitt tidspunkt, brukar vi gjeldande karantenetid: 1 time ved lipidinfusjonar og 10 minutt ved andre infusjonar.

Generelt om bruk av gelrør

Dei fleste medikament kan takast på gelrør.
Gelrør kan ein bruke til oppbevaring av serum i kjøleskap etter sentrifugering. Maksimal oppbevaringstid er avhengig av stabiliteten til den enkelte analytt og vil variere mellom to og fem dagar.
Bruk ikkje gelrør som har blitt utsett for sterk varme eller som har utgått haldbarheitsdato.
Etter fullgod sentrifugering skal gel-laget ligge som ei tett barriere mellom koagelet og serumlaget. Det skal ikkje ligge blod verken under toppa eller oppå gel-laget. Serumet skal også vere heilt fritt for fibrinrestar.
Dersom serumnivået i gel-røret er heilt fritt for synlege blodceller etter å ha snudd det opp-ned eit par gongar, kan dette sendast. Såkalla ”gelspor” på rørveggen over gel-laget kan ein av og til sjå. Desse vil ikkje forstyrre analyseringa på nokon måte. Serum frå rør utan gel skal pipetterast over i plastrør og sendast på vanleg måte.
Er det synleg blod i serumnivået, må serum avpipetterast og sentrifugerast på nytt innan to timar. Pipetter serum over i eit nytt rør for sending.

Prøvemengd

Før ein tar blodprøve, må ein ta stilling til kor mange rør ein treng og kva type rør som er nødvendig for dei aktuelle analysane. Type rør og nødvendig volum finn ein under kvar enkel analyse i «Analyseoversikt» som også gir oversikt over nødvendig volum. Dersom det er rekvirert fleire analyser i ei serumprøve, gjeld ikkje kravet til volum oppgitt for kvar enkelt analyse. Som regel er eit 5 ml serumrør nok til 15-20 ulike analyser. Dersom ein har mistanke om at innsendt prøvevolum er for lite i forhold til det som trengst for å utføre dei analysane som er rekvirert, bør rekvirenten opplyse om prioritetsrekkefølgje. Er slik prioritering ikkje gjort, vil laboratoria prioritere etter beste skjønn. Laboratoria prioriterer først eigne analyser og deretter analyser som må vidaresendast til anna laboratorium.
For små barn kan vi tilpasse sjølve analyseringa slik at ein klarer seg med mindre prøvemengd. Fordi vi legg vekt på å ikkje tappe store mengder blod av mindre barn, rår vi til at tal analyser blir avgrensa.

Prøvetaking av barn

Det kan vere vanskeleg å ta veneprøve av små barn. Då kan kapillær prøve vere einaste alternativ. I slike tilfelle bør spesialrør av type mikrorør for kapillær prøvetaking nyttast. Desse fins både med og utan tilsetting (gel, EDTA).
Ein må vere merksam på dei spesielle feilkjeldene som følgjer av kapillær prøvetaking. Dette gjeld særleg hemolyse, tilblanding av vevsvæske og andre faktorar som oppstår ved klemming av finger/hæl.
Prøvetakinga vil bli enklare dersom ein varmar opp finger/hæl og påfører silikonsalve før ein stikk. Ver merksam på fare for brannskade. Temperatur på vatn skal aldri vere over 40˚C.  Spesielle retningsliner gjeld for val av stikkstad når ein tar prøve frå barnet sin hæl.
EDTA-blod skal blandast godt alt frå første dråpe er kome opp i røret. Mikrotainerrør med gel skal sentrifugerast og sendast utan avpipettering. Serum frå mikrotainerrør utan gel skal pipetterast over i eit tilsvarande mikrotainerrør og sendast inn på dette. Ein kan få tilsendt mikrotainerrør ved å vende seg direkte til ”sitt” laboratorium.
Laboratoria kan hjelpe med prøvetaking av barn og andre pasientar som er vanskelege å ta prøve av.

Sentrifugering

La rør til serumprøver stå oppreist i 20-30 minutt etter prøvetaking medan blodet koagulerer.
Røra skal sentrifugerast i 10 minutt ved 1000-2000g som svarar til 3200-3400 o/min på dei vanlegaste sentrifugane som er i bruk på legekontor. Bruk sentrifuge med utsvingsrotor.
For tidleg sentrifugering kan føre til vidare utfelling av fibrin i prøva. Fibrin i prøva kan igjen medføre tetting av slangar og liknande på analyseutstyret vårt.

Prøverøra skal vere ferdig sentrifugert innan 2 timer etter prøvetaking.

Avpipettering

Følgjande rør/prøver skal avpipetterast før sending:

  • plasma frå EDTA-rør utan gel og citrat-rør

Husk å merke etiketten på avpipettert rør med type prøvemateriale.

Hemolyse

Ved hemolyse må det takast ny prøve så sant det er mogleg. Hemolyse kan påverke resultatet for mange analyser. Er prøva hemolysert, skal dette noterast på rekvisisjonen. Laboratoria vil avgjere kva analyser som likevel kan utførast.
Dei vanlegaste årsakene til hemolyse er problematisk prøvetaking og at røret er sentrifugert med undertrykk.

Samling av døgnurin

(Reine flasker og rein samledunk er heilt nødvendig).
Noter klokkeslett om morgonen og lat urinen. Denne urinporsjonen skal kastast. All urin deretter, til og med same klokkeslett neste morgon, skal samlast. Dunken skal stå kjøleg under samlinga. Døgnmengda blandast godt, ein måler volumet og noterer det på rekvisisjonen. Ta ut nødvendig mengd for sending. Nokre døgnsamlingar krev at urinen er surgjort. Normalt skal samledunken surgjerast FØR samlinga startar. Ferdig surgjort samledunk får ein ved å kontakte laboratoriet.
OBS! Vi anbefaler å kontakte laboratoriet før ein startar samling av døgnurin!

Sending av prøver

Prøver som ikkje blir sendt same dag, må oppbevarast i kjøleskap. Ver merksam på at prøver som sendast dagar før heilagdag blir liggande i posten. Før heilagdag kan det derfor ofte vere best å be pasienten kome att seinare for å få tatt prøve.
Sjå også opplysningar om haldbarheit under dei ulike analysane
Fraktetikettar til våre laboratorium kan tingast via same bestillingsskjema som vert nytta til tinging av prøverør.  

Vidaresending av prøver

Dette gjeld analyser som ikkje inngår i vårt analyserepertoar. Sjølv om vi tar på oss å vidaresende prøver, anbefaler vi eksterne rekvirentar å sende desse direkte til utførande laboratorium. Då unngår ein forlenga svartid og at kvaliteten på prøvematerialet blir dårlegare på grunn av forlenga sendetid. Husk å sende med ferdig utfylt skjema til det aktuelle laboratorium.
Følg prosedyrane for sending til mottakar.  

Henteteneste

Ved sjukehusa er det etablert henteteneste for blodprøver. Henting føregår til fastsett tid for kvart enkelt legekontor som er med på ordninga.

Tilvising av pasientar til prøvetaking

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank mottar pasientar for prøvetaking måndag til fredag med desse opningstidene:

Kristiansund: kl. 08.00-15.00
Molde: kl. 08.00-15.15
Volda: kl. 08.00-14.45
Ålesund: kl. 07.30-15.00 
Tirsdag kl. 07.30 - 20.00 (Ikkje barn under 10 år etter kl. 15.00. 
Sommartid kl. 07.30 - 15.00 frå medio juni – medio august). Sjå også oppdatert informasjon på nettsidene til kvar seksjon.
 
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank sin poliklinikk er først og fremst for sjukehusa sine pasientar. Vi tar også imot barn og andre pasientar som er vanskelege å ta prøve av frå legekontora.
Pasientane må ha rekvisisjon frå lege. For prøvetaking til vanlege prøver treng ein ikkje bestille time. For belastningar og spesielle prøver ber vi om at rekvirentane tar kontakt med "sitt" laboratorium på førehand. Ver merksam på at ikkje alle analysar til andre laboratorium kan takast på fredager, på grunn av haldbarheit ved sending. 
Glukosebelastingar på gravide, rekvirert av jordmor eller fastlege, utførast i primærhelsetenesta.
Vi set pris på om det blir tatt kontakt med laboratoriet dersom andre pasientar blir sendt til sjukehusa sin poliklinikk for prøvetaking.

Rådgivingstenester

Laboratoria står gjerne til teneste i spørsmål om prøvetaking og sending av prøver.

Vi minner også om Noklus, som driv utstrakt rådgivingsteneste overfor legekontor, sjukeheimar og heimetenesta i fylket. Noklus tilbyr råd og hjelp ved val av apparatur og analysemetodar, problemløysing, intern kvalitetskontroll, laboratoriefaglege kurs m.m.
Noklus tilbyr prosedyrar for laboratoriearbeid som i hovudsak utførast utanfor sjukehus. Prosedyrane er tilgjengelige for deltakarar i Noklus via Noklus sin nettside (www.noklus.no). 

For tida blir denne tenesta ivaretatt av:

Noklus Ålesund:
Laboratoriekonsulent Anja Haukeberg
Laboratoriekonsulent Ragnhild Lovise Eide Myren
Klinikk for diagnostikk
Ålesund sjukehus
telefon 70 16 77 65

Noklus Molde:
Laboratoriekonsulent Mona Torvik
Klinikk for diagnostikk
Molde sjukehus
telefon 71 12 20 54/ 93 28 41 52 

Om biokjemiske analyser

analyseoversikta er analysane sett opp alfabetisk etter sine mest brukte namn, anten det er kortnamn eller fulle namn. Prefiks påverkar ikkje den alfabetiske rekkefølgja.

Følgjande prefiks er brukt:
A           - Arterielt
B           - Blod
d           - Døgn
dU        - Døgnurin
Ery        - Erytrocytt(ar)
f            - Fastande
F           - Fæces
k           - Kapillært
LV         - Leddvæske
P           - Plasma
PS         - Plasma eller serum
Pt          - Pasient
S           - Serum
SA         - Spytt
Sp         - Spinalvæske
Sv         - Svette
U          - Urin
US        - Uspesifisert materiale
v           - Venøst

For kvar analyse er informasjonen samla under følgjande overskrifter:

Referanseintervall

Dersom ikkje anna er oppgitt, gjeld referanseintervallet berre for vaksne. Når det gjeld aldersrelaterte referanseintervall, viser vi til svarrapportane. Laboratoriefagleg rådgivar og  medisinsk fagleg rådgivar kan gi nærare opplysningar om referanseintervall for alle aldrar.

Indikasjonar

Det kan vere ulik tolking av indikasjonar for å rekvirere analysar. Lokale legar og avdelingane sine preferansar har påverknad på val av analysar, sjå analyselistene på internett: Analyseoversikta. 

Tolking og vurdering av analyseresultat

Analyseoversikta har vi tatt med litt bakgrunnsinformasjon som kan vere til hjelp ved tolking av prøvesvar.

For generell tolking av prøvesvar anbefaler vi Nasjonal brukerhåndbok i Medisinsk Biokjemi: http://brukerhandboken.no/
Merk at laboratoria i HMR kan ha andre referansegrenser.

Signifikant endring

Dersom ein utfører den same analysen fleire gongar, vil resultatet oftast bli litt ulikt. Det kan skuldast tekniske forhold ved eller omkring analysen eller ein variasjon i "reell" verdi hos pasienten. Dersom variasjonen mellom to svar er større enn ein gitt signifikant prosent, betyr det statistisk sett at det er mykje sannsynleg at variasjonen skuldast "reell" variasjon hos pasienten.

Størrelsen av ei signifikant endring baserer seg på analytisk og biologisk variasjon. For dei fleste analysane er data for analytisk og biologisk variasjon samt signifikant endring gitt på laboratoria sine nettsider, sjå oversikt over vår analytiske variasjon i Analyseoversikta.  

Det er viktig at legar og hjelpepersonell, pasientar og pårørande er klar over dette med signifikant endring. Elles kan det oppstå ugrunna pessimisme, eller kan hende falsk optimisme. Det er neppe tvil om at det er ein tendens til å legge vekt på forskjellar som ikkje er signifikante.

Brit Valaas Viddal
Avdelingssjef
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank
Klinikk for diagnostikk
brit.valaas.viddal@helse-mr.no
Telefon 70 10 54 82

 

       

 

 

 

 

​ 

Sist oppdatert 14.06.2024