Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre, ei befolkning på om lag 148 000. Vi har óg pasientar frå andre delar av fylket innanfor spesielle områder. Mellom anna har vi ansvar for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal, der all bildetolking og oppfølging skjer ved brystdiagnostisk senter i Ålesund.

Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer) og beintetthetsmåling. Lokalisert i Ålesund har vi i óg ein eigen seksjon for nuklærmedisin, som nyttar PET og SPECT. Desse bileta vert tolka av legar ved St. Olavs hospital. 

Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa. 

Ein viktig del av arbeidet vårt er å vurdere kva for undersøking som vil vere best for den einskilde pasient. Vi ynskjer å bidra til forsvarleg utgreiiing av skadar og sjukdom, men samstundes unngå unødig stråleeksponering og overdiagnostikk. Vi støttar difor Norsk radiologisk forening sine anbefalingar: «Gjer kloke val».


Brystdiagnostisk senter (BDS)

Brystdiagnostisk senter mottek henviste pasientar for utgreiing med tanke på brystkreft. Undersøkingar som er aktuelle er mammografi, ultralyd og eventuell prøvetaking av brystvev.

Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som viser brystvevet for å oppdage eventuelle forandringar. I Noreg vert kvinner i alderen 50 - 69 år automatisk invitert til mammografiscreening annankvart år. Dette kallast «Mammografiprogrammet» og hensikta her er å oppdage brystkreft i eit tidleg stadium. Du kan lese meir om Mammografiprogrammet her.

 

Avdelingssjef Eirin Steinsvik
eirin.steinsvik@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Ta direkte kontakt med seksjonane.