Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Smilande tilsette ved Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter

Aure rehabiliteringssenter er ein 5-døgnspost, og har følgeleg drift frå måndag til fredag (stengt på helg). Vi har gruppeopphald innan arbeidsretta rehabilitering, samt til personar med Parkinsons sjukdom/parkinsonisme og Multippel Sklerose. Vi har òg vurderingsopphald for personar med muskel-/skjelettproblematikk og nevrologiske tilstander.

Vi kan tilby ein unik kombinasjon med oppfølging av pasientane både fysisk ved senteret når dei er innlagt i 5-døgnsposten vår, og poliklinisk både i forkant og etterkant av dei fysiske opphalda. Vi jobbar tverrfaglig i rehabiliteringsteam, og tilbodet vårt byggjer på tverrfagleg samhandling med pasientane, pårørande og aktuelle instansar i både kommunane og spesialisthelsetenesta. Kva for yrkesgrupper som inngår i rehabiliteringsteamet til den enkelte, varierer etter behov, men kan for eksempel vere sjukepleiar, nevrologisk sjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, nevrolog, fysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, osteopat, ergoterapeut eller helsefagarbeidar. Alle pasientane får sin eigen rehabiliteringskoordinator. Arbeidet styrast av ein rehabiliteringsplan, med mål og tiltak, som teamet og pasientane samen utarbeider.

Vi tilbyr følgande:

  • Gruppeopphald Parkinson
  • Gruppeopphald Arbeidsretta rehabilitering, ARR
  • Gruppeopphald Multippel Sklerose, MS
  • Vurderingsopphald
  • Poliklinisk forløp
Les meir om tilboda under Behandling.
 

Tilvising til spesialisert rehabilitering:

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:

Helse Møre og Romsdal HF
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund)
Postadresse 6026 Ålesund 

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om:

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped

* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Transport til staden:

​​Kvernberget lufthavn i Kristiansund er næraste flyplass. Derifrå blir det buss og drosje til Aure.

​Det er dagleg bussruter frå Kristiansund og Trondheim. Bussen stoppar i sentrum, ca 3 km frå Aure rehabiliteringssenter. Du kan bestille drosje frå Aure taxi  99 11 66 90

Ved inn- og utskriving dekker Pasientreiser den rimlegaste reisemåten. Ved reise med offentleg transport eller skyss av pårørande, kan du søke om refusjon av reiseutgifter på nett. Vi har også skjema i resepsjonen. Hugs å ta vare på kvitteringane.

 

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bergsvegen 38

Følg oss på Instagram

Følg oss her
En collage av mennesker som jobber på et kontor