Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meir om barn og unges helseteneste

Dei som treng hjelp og dei som skal hjelpe born og unge må forstå dei ulike tenestene og deira rolle og ansvar. På den måten kan vi skape eit betre hjelpetilbod. Dette handlar satsinga barn og unges helsetjeneste om.

Eksempelbilete

Bakgrunn for satsinga

Psykisk helsearbeid for born og unge strekk seg frå helsefremjande og førebyggande arbeid, til oppfølging av lettare psykiske helseplagar og til spsialitert behandling for meir alvorlege psykiske lidingar.

Mange ulike instansar er involvert i det psykiske helsearbeidet for born og ungdom. Barnehagar og skular har ei viktig førebyggande rolle og skal bidra til at born og unge opplev trivsel, mestring og inkludering. Kommunale tenester som fastlegen, helsestasjon og skulehelsetenesten, barnevernstenesten, PPT og psykisk helseteneste/familiesenter tilbyr ulike tenester til born og unge som strever med ulike utfordringer. Spesialisthelsetenesten for psykisk helse tilbyr spsialiert utredning og behandling til born og unge med psykiske lidingar.

Både born, ungdom, pårørande og fagfolk kan oppleve systemet av hjelpeinstansar som forrvirrande. Tenestene har ulike mandat og roller gitt av styresmaktene, og mandata er sikra i ulike lovverk. For at born og unge skal få eit betre hjelpetilbod, treng både brukarar og fagfolk å forstå dei ulike tenestene og deira roller og ansvarsområder. 

 

Samhandling rundt born og unge og psykisk helse

Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal starta som eit prosjekt for å arbeide for betre samhandling kring born og unge og psykisk helse i 2021 og lanserast frå 2022. Dette verktøyet er også prøvd ut i Helse Fonna med gode erfaringar. Difor ønskar Møre og Romsdal å arbeide med dette samhandlingsverktøyet og implementere satsinga også i Møre og Romsdal. 

Gjennom barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal samarbeider brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge. Verktøyet er ikkje ferdigstilt enda, og det jobbast med å utvikle arbeidet. Verktøyet er delt inn i sju forløp for ulike psykiske helseplager born og unge kan ha. Forløpa skildrar dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområder og fungerer som eit kart over tenestene. Kartet skal hjelpe både fagfolk og brukarar i å få betre oversikt over dei ulike tenestene og deira ansvarsområder.

Målet er at born og ungdom skal få rett hjelp hjå rett teneste og at tiltaka frå ulike tenester heng saman slik at det opplevast som eit heilskapleg tilbod for den det gjeld og familien rundt. 

Les meir om Barn og unges helseteneste på Helse Fonna sine nettsider:
Om barn og unges helseteneste - Helse Fonna (helse-fonna.no)

 

Videopptak og program frå lanseringswebinar barn og unges helseteneste 19. januar 2022:

 


​​Om verktøyet

Verktøyet er organisert i sju ulike typar psykiske helseplager born og unge kan ha. Innanfor kvart område skildrast kva som er normale utfordringar hjå born og ungdom, og psykiske plager av ulik alvorsgrad frå lette psykiske plager til alvorlege lidingar. Det skiljast mellom milde til moderate vanskar i samhandlingsforløpa. 

Helse Møre og Romsdal arbeider med å ferdigstille verktøyet og tilpasse det lokale forhold. For dei fleste tilstandar har kommunale tenester ansvar for kartlegging og tiltak ved milde til moderate vanskar, medan spesialisthelsetenesten har ansvar for utredning og behandling av moderate til alvorlege vanskar. Når det gjeld autismespektervanskar og ADHD, skal kommunen kartlegge og henvise til spesialisthelsetenesten dersom det er behov for utredning.

Råd til fastlegar​​​ om innhaldet i ei tilvising til Psykisk helsevern for barn og unge poliklinikk (BUP) i Helse Møre og Romsdal

Tilvising til BUP i HMR: Informasjonsskriv til fastlegar med råd og kontaktinformasjon (pdf, frå august 2023)

​1. - 5. april 2022 arrangerte ein oppstartskurs i Miro, ei digital tavle/whiteboard som er fin å bruke i arbeidet rundt dei 7 samhandlingsforløpa​​

 

​​

Kontaktinformasjon

​For kontakt med barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal:



Sist oppdatert 28.08.2023