Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

BUP poliklinikk Kristiansund

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og ungdom frå 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomfører undersøkingar, gir behandling og råd/rettleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbudet som blir gitt.

Vi dekkjer i hovudsak følgjande kommunar i vår region: Aure, Averøy, Kristiansund, Smøla og Surnadal. Fritt behandlingsval opnar for tilvisingar også frå andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det helskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

Seksjonsleiar: Kjell Åsmund Bryn

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til. Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta , lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at de gir oss lov til det. Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Barn og unges helseteneste
Gjenom satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal skal brukarar av tenestene, fastlegar, fagfolk i kommunale tenester og spesialisthelsetenesten samarbeide om å utvikle samhandlingsforløp for born og unge innanfor psykisk helse.
Les meir om barn og unges helseteneste

Kontakt

Telefon

Måndag - fredag: Kl 08.00 - 14.30

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
BUP Kristiansund
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sykehusgaten 2, like ved Kristiansund sjukehus.