Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Møre og Romsdal

Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund

Seksjonen tilbyr individuelt tilrettelagt behandling og utgreiing til rusavhengige over 18 år. Behandlinga krev at du kan fungere innan rammene av ein open seksjon. Vi ønskjer å gi eit tilbod til deg der rusproblematikk er den dominerande utfordringa, og ikkje psykiske problemstillingar som overskygger evna til å delta aktivt under opphaldet.

Behandling og utgreiing blir normalt tilbydd inntil tolv veker, med moglegheit for individuelle tilpassingar. Vi tilbyr og forventar deltaking i poliklinisk ettervern etter avslutta døgnopphald. Innlegging skjer frivillig etter Spesialisthelsetjenesteloven § 3-12. Vi tar også imot innleggingar etter Helse og Omsorgstjenesteloven § 10-2,10-3 og 10-4 og etter Straffegjennomføringsloven § 12.

Kontakt

Telefon

Sentralbord

70 10 50 00

Forløpskoordinator pasientforløp

91 33 23 55

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Rusbehandling TSB korttids døgn Ålesund
Postb. 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Resepsjonen ved hovudinngangen.