Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske støttefunksjonar Molde

Seksjonen inneheld fysioterapi, ergoterapi, klinisk ernæringsfysiologi, logoped og sosionom, og vi har ansvaret for desse tenestene til dei fleste somatiske avdelingane ved Molde sjukehus. Vi samarbeider tett med dei ulike yrkesgruppene på sjukehuset.

Seksjonen har 10,8 stillingar for fysioterapeut, i tillegg til turnusfysioterapeut, 2 stillingar for ergoterapeut,  1 stilling for klinisk ernæringsfysiolog, 50 % stilling for logoped og 1 stilling for sosionom.  

I tillegg har vi tilpassing og utlån av hjelpemiddel.

Alle fysioterapeutane har spesialist- eller spesialkompetanse innan sitt fagfelt. Fysioterapeutane driv også treningsgrupper for pasientar med sjukdommar relatert til hjarte/lunge.

Alle ergoterapeutane har spesialkompetanse innan sitt fagfelt. Ergoterapeutane disponerer eit eige treningskjøkken for utprøving og trening i aktivitet.

Vi driv spesialisert behandling og rådgiving innan ernæring til pasientar som er innlagt ved Molde sjukehus, samt einskilde pasientar som blir tilvist frå fastlege.

Vi har undervisning og behandling av pasientar med problem i tale, språk, stemme eller svelg.

Vi gir råd og informasjon om rettigheter, stønader og ytingar, bistand i høve søknader,og tilbud om støttesamtalar.