Samhandling på tvers om læring og meistring
For å sikre utvikling og gode lærings- og mestringstilbod til den enkelte arbeider Lærings- og meistringssenteret utstrakt med tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers. Både lokalt og regionalt i sjukehusa mellom avdelingar og fagmiljø, samt utvida samhandling med kommunar, fastlegar, brukarorganisasjonar, NAV eller andre tenester.
Samarbeid med kommunale tenester og brukarorganisasjonar
Det jobbast med forbetra samarbeid mellom tilbydarar av lærings- og mestringstilbod i kommuner og helseføretak. Dette kan til dømes vere frisklivssentralar, eller fastlegar og NAV. Det føregår også godt samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret og ulike brukarorganisasjonar/ brukarrepresentantar.
Oversikt over frisklivssentralar i Møre og Romsdal
I Møre og Romsdal har Kristiansund Friskliv og mestring rolla som utviklingssentral. Desse skal bidra spesielt til erfaringsutveksling og nettverksbygging.
Helsefellesskap i Møre og Romsdal
Det er oppretta gode arenaer for samhandling gjennom Helsefellesskap Møre og Romsdal. Desse fellesskapa består av kommuner i opptaksområda og helseføretaket. Der representantar frå ulike fagområder i helseføretaket, tilhøyrande kommuner, brukarar, fastlegar og også representantar frå Lærings- og meistringssenteret møtes regelmessig for å planlegge og utvikle tenestane saman.
Oversikt og meir informasjon om Helsefellesskap
Regionalt samarbeid
Kontaktinformasjon ROPP:
Camilla Kleppe Eidså, rådgivar, Volda
Camilla.Kleppe.Eidsa@helse-mr.no
Rita Overvåg, rådgivar Kristiansund
Rita.Overvag@helse-mr.no
Meir informasjon om den regionale funksjonen for opplæring av pasientar og pårørande (Helse-Midt)
- Regional rammeplan for helsepedagogikk pr. jan 2023 (pdf)
-
Regional Handlingsplan opplæring av pasienter og pårørende Helse Midt-Norge 2023 - 2027 (pdf)
Nasjonalt samarbeid - NK LMH
Dei ulike Lærings- og meistringssentra i landet samarbeider med Nasjonal kompetansetjeneste innen læring- og mestring i helse (NK LMH).
NK LMH skal bidra til at lærings- og mestringsvirksomhet i heile landet held god kvalitet og er kunnskapsbasert, slik at personar med helseutfordringar og deira nærmaste opplev auka mestring og livskvalitet.
Det nasjonale kompetansesenteret fokuserer mellom anna på forsking, helsekompetanse, helsepedagogikk og nettverksbygging. I tillegg samarbeidspart for helseføretaka i utvikling av årlige lunsjwebinar for læring og mestring.