Diagnose
ADHD hos barn og unge
Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.
Ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)
Tilvising og vurdering
Dersom du eller nokon rundt deg lurer på om du har ADHD, kan du bestille time hos fastlegen din. Fastlegen vil snakke med deg og foreldra dine og gjere nokre undersøkingar. Dersom fastlegen trur du har ADHD, vil du bli vist vidare til ein Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vidare undersøkingar og eventuelt behandling.
Utgreiing
ADHD hender ofte saman med andre psykiske lidingar, og derfor blir det gjennomført ei brei utgreiing i BUP. For å gi deg rett diagnose og dermed behandlinga som passar deg best, snakkar BUP med deg og dine føresette om mange ulike område i livet, som korleis du tenker og kjenner, om du har nokre andre sjukdommar eller vanskar, og korleis du har det i familien, på skulen og saman med andre.
For å få ei brei forståing kan BUP avtala med deg og dine føresette at dei snakkar med andre som kjenner deg, til dømes lærarar.
Utgreiingsplanane blir laga saman med deg og dine føresette slik at dei skal passa best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på behandlaren som har hovudansvar, namn på andre som skal delta i utgreiinga, lista over planlagde utgreiingar og ein hypotese på kor lang tid utgreiinga vil ta. Utgreiinga går over nokre månader, og skal gi svar på om BUP tilrår vidare behandling, og kva behandlinga i så fall skal bestå av.
Under
Psykososial behandling
- Informasjon om diagnose til ungdommar, foreldre og skule
- Rettleiing til foreldre
- Rettleiing til skule
- Familiesamtalar
Medikamentell behandling
Kosthald
Oppfølging
BUP samanfattar og evaluerer behandlinga. Du og dine føresette får informasjon og opplæring, og etter avtale kan informasjon og opplæring også bli gitt til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstjenesten. Ved avslutning skriv BUP eit samandrag (epikrise) av det som gjeld for deg, og sender denne til fastlegen eller andre som har vist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølginga.
Relevante lenker:
Nasjonale retningslinje (helsedirektoratet.no)
Veileder for multiaksial klassifikasjon i psykisk helsevern for barn og unge (legeforeningen.no)
Kontakt
Nyheiter
Kurs
- ADHD - foreldre/foresatte - Kristiansund - DigitaltFor foreldre og foresatte til barn/unge med ADHD.ADHD - foreldre/foresatte - Kristiansund - DigitaltDato kjem