Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Asperger syndrom hos barn og ungdom

Nokre menneske strever frå dei er små med å forstå korleis dei skal vere saman med andre. Dei kan også vere svært oppteken av spesielle ting, og har vanskar med endringar i rutinar. Asperger syndrom er ei funksjonsnedsetting som kjem av medfødd utviklingsforstyrring, og kjenneteikna er vanskar med gjensidig kommunikasjon, sårbarheit ved sosialt samspel og organisering av livet.

Symptom

Asperger syndrom er ei form for autisme. Autisme førekjem oftast hos gutar. Nyare studiar viser at autisme hos jenter er meir vanleg enn tidlegare antatt, men at det ofte artar seg noke annleis enn hos gutar.

Dei som har tilstanden har vanskar med å forholde seg til andre menneske, kommunisere med andre menneske og at ein har vanskar med å vere fleksibel i tankar og åtferd. Dette er vanlegare hos gutar enn hos jenter. Vanskane kjem særleg til syne i situasjonar med stress, og dei fleste med Asperger syndrom har ei sårbarheit for stress. Fleire har spesielle interesseområde der dei viser omfattande kunnskap og ferdigheiter. Menneske med Asperger syndrom har normal intelligens.

Hjernen til menneske med Asperger syndrom fungerer på en annan måte enn hos dei fleste andre. Dei kan reagere meir sensitivt eller mindre sensitivt med sansane, noko som gjer at ein kan bli meir irritert enn andre ved til dømes berøring eller ved spesielle lydar.

Menneske med Asperger syndrom kan vere oppteken av detaljar som andre ikkje legg merke til, eller dei blir oppteken av konkrete tydingar i samtalar, som gjer at meiningsinnhaldet blir vanskeleg å forstå.

Når ein har Asperger syndrom er ein meir utsatt for stressbelastingar, og mange bruker mykje energi når dei er saman med andre. Dette gjer at dei er utsatt ved skifte av skulearenaer, skifte av lærarar, vener eller ved flytting. Menneske med Asperger syndrom kan også ofte vere meir sårbar i puberteten enn andre ungdomar, då det skjer mykje med kroppen som dei i mindre grad greier å forstå, tolke eller ha samtalar om.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som henviser til spesialisthelsetenesta/BUP ved mistanke om Asperger syndrom.

Er du som foreldre/føresett redd for om barnet ditt har ei utviklingsforstyrring, bør du snakke med din eller barnet sin fastlege. Det kan også vere nyttig å snakke med andre som har dagleg kontakt med barnet ditt, slik som fagpersonar i barnehagen eller kontaktlærar på skulen. Ved Asperger syndrom skal barnet ha grunnleggande vanskar med å forholde seg til andre, forstå sosiale kodar, blir opplevd som fastlåst i sin framferd eller bli uroleg for endringar i kvardagen. Sjølv om barnet ditt har alle desse symptoma er det ikkje nødvendigvis slik at det automatisk har Asperger syndrom.

Når foreldre/føresette er uroa for om borna deira har ei psykisk utviklingsforstyrring er det alltid lurt å starte med ei god anamnese. Denne bør ta utgangspunkt i både fysiske milepælar og generell utvikling av språk, leik og sosial kompetanse. Søvn og forhold rundt matinntak vil ofte gi god informasjon om barnet har ei utvikling som ligg i normalspekteret. 

Ved tilvising til BUP bør ein alltid be om informasjon angåande

  • Somatisk og psykiatrisk status presens
  • Tidlegare psykisk og somatisk helse som er relevant; epikriser frå sjukehusopphald etc.
  • Inntrykk generell utvikling og funksjonsnivå
  • Sosiale og familiære forhold
  • Fråver frå skule
  • Faste medisinar
  • Arvelege belastingar som er av betydning 

Legg ved alle utgreiingar frå andre instansar, skule, PPT etc.  

Dersom pasienten er ungdom

  • Fråver frå skule, arbeid, vener og fritidsaktivitet
  • Rusmisbruk 

Vi ønskjer også at følgjande skal utførast hos alle

  • Høgde og vekt
  • Syn- og hørselsundersøking
  • Blodprøver på indikasjon (TSH, blodstatus, lever, nyre, -- )
  • EKG på indikasjon  

Utredning

Syndrom inneber at det er ei samling av ulike symptom som opptrer samtidig. For å ha Asperger syndrom treng du ikkje ha alle symptoma som ligg innafor kvart problemområde, men det er nok at du har nokre av symptoma innafor området.

For å kunne stadfeste eller avkrefte om du har diagnosen, må vurderinga byggje på ei grundig utgreiing. Vi vil ha behov for informasjon om dine ferdigheiter til å kommunisere, korleis du fungerer i sosiale settingar og elles i dagleglivet no og korleis den har vore gjennom oppveksten din. Utgreiinga vil også vere basert på samtalar med deg og dine foreldre/føresette.

Autismepraten

Ein podkast om autisme. Av spesialist i nevropsykologi, Magnus Reiestad og Marie Gjengstø som sjølv har diagnosen Aspergers syndrom.
Alle episodane
Illustrasjonsbilde, Autismepraten

Behandling

Dersom du har fått diagnosen Asperger syndrom, vil du få informasjon om kva det vil seie å ha Asperger syndrom, korleis du best taklar utfordringane mange har med dette syndromet og korleis ein best kan kommunisere dine spørsmål og utfordringar til andre. Dette er ofte ein føresetnad for å få god tilrettelegging og hjelp.

Det er viktig at du og dine foreldre/føresette får informasjon om diagnosen og at vi saman utarbeider ein behandlingsplan. Du vil få tilbod om individuelle samtalar, eller møte andre i gruppe, med fokus på det å leve med denne diagnosen. Dersom du ønskjer det, tilbyr vi informasjon og vegleiing også til dine foreldre/føresette og andre nøkkelpersonar (skule, arbeidsgivar, NAV).

Informasjon til pårørande

Når barnet er ferdig utgreia vil foreldre/ føresette få ei orientering om diagnosa til barnet og barnet si fungering, slik det er blitt vurdert. I dei fleste tilhøve vil foreldre få ei tilbakemelding først, og så vil vi saman med foreldre gi ei tilbakemelding saman med dei instansane som har tilvist barnet eller vore ein del av utgreiinga.
Barnet vil også få ei tilbakemelding, med mål om at barnet skal forstå sine funksjonsutfordringar. Vi ønskjer å arbeide med kva barnet kan gjere for å få mestringsstrategiar som hjelp i utfordrande situasjonar, og lære framferd som kan hjelpe barnet til å be om hjelp på eigne premissar. Det å bli meir bevisst på gode spørsmål når ein har Asperger syndrom kan vere ei utfordring for mange. Ofte kan det vere lurt at foreldra er med på denne prosessen.

Når dykk har eit barn eller en ungdom som har fått diagnosen Asperger syndrom er det viktig med god tilbakemelding om kva diagnosen inneber for barnet. Det er også viktig med informasjon som gjer at dykk forstår framferda til barnet betre.

For at foreldre/føresette skal få ei god forståing for kva det vil seie at barnet deira har Asperger syndrom, bør dykk få opplæring i kva som er vanleg framferd og kjenslemessige reaksjonar ved dette syndromet.  Det er viktig med informasjon om korleis ein best møter vanlege utfordringar heime, i fritida, skule og skulearbeid. Det å ha forståing for at sosiale relasjonar er ei utfordring for barn og unge med Asperger syndrom er vesentleg. Det er viktig å hjelpe til med og legge til rette for gode mestringsløysingar.

Oppfølging

Asperger syndrom er ei utviklingsforstyrring som varer over tid. Då vil det vere naudsynt å ha eit langsiktig perspektiv på oppfølgingsarbeidet. I tillegg til grunnskule vil dette involvere vidaregåande skule, fritidstilbod og tilpassing i arbeidssituasjonar. Grad og omfang av oppfølging vil vere avhengig av funksjonsnivå, og mange personar med diagnostisert Asperger vil klare seg godt både i ungdomstid og vaksen alder.
Personar med Asperger syndrom kan ha behov for, og rett til individuell plan (IP). IP inneheld målsettingar og satsingsområde for hjelp, støtte og tiltak. Dersom du ønskjer ein slik plan, kan vi saman med deg og din heimkommune utarbeide den.

Ver merksam

Dersom barnet eller ungdomen etter at utgreiing og opplæring er gjennomført, får tilleggsproblematikk eller eit raskt funksjonstap, som aukande isolering, forvirringstilstandar, aukande aggresjon, redusert matinntak eller søvn, samt tap av initiativ til å delta på sosiale arenaer, er det grunn til å vurdere om barnet skal tilvisast på nytt frå fastlegen.

Kontakt

Artiklar

    Kurs