Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Beinskjørheit (osteoporose)

Osteoporose er mest vanleg hos personar over 50 år. Diagnosen kan stillast ved at ein har hatt eit lågenergibrot (brot etter fall frå eiga høgde som ikkje hadde gitt brot hos beinfriske), eller ved ein kombinasjon av lågenergibrot og låg beintettleik målt med DXA-teknikk (dual-energy X-ray absorptiometry, DXA). Behandling av osteoporose kan starte hos fastlege eller hos sjukehuslege. Nokre pasientar blir tilvist til vurdering hos spesialist fordi det kan vere mistanke om bakenforliggande sjukdommar eller kompliserande forhold.

Ved mistanke om osteoporose kan du bli tilvist til beintettleiksmåling (DXA). Dersom du får påvist ostoporose, og særleg dersom det er fleire faktorar som gir auka risiko for brot, vil legen din anbefale tiltak og behandling. Dette for å minske faren for seinare brot. Det same gjeld om du har hatt eitt eller fleire lågenergibrot - det i seg sjølv kan vere nok til å stille diagnosen beinskjørheit og anbefale behandling. Behandlinga blir ofte starta hos fastlege, eller hos ortoped dersom du har hatt brot. Ved kompliserande faktorar, blir beinskjørheit utgreia og behandla hos spesialist i revmatologi eller endokrinologi.

Tilvising og vurdering

Diagnosen beinskjørheit blir anten stilt ved beintettleiksmåling, eller ved at du har hatt eitt eller fleire typiske lågenegibrot. Beintettleiksmålingar blir utført på røntenavdelingar eller på eigne spesialistpoliklinikkar. Det er fastlege eller anna behandlande lege som tilviser deg og avgjer om du treng behandling eller vurdering hos spesialist.

Tilvising til beintettleiksmåling/osteoporosevurdering bør innehalde:

  1. Anamnese
    • Familieanamnese på brot - særleg om mor/far har hatt hoftebrot/lårhalsbrot
    • Eiga brotanamnese - tap av høgde i ung alder
    • BMI, røyking, tidleg menopause, inaktivitet/bevegelseshemming
    • Sjukdommar som disponerer for beinskjørheit (f.eks. glukokortikoider, aromatsehemmere, antiandrogener, antiepileptika, protonpumpehemmere)
    • Tidlegare behandling for osteoporose
  2. Røntgen av ryggen kan vere nyttig før undersøkinga dersom pasienten har høgdetap på over 3-4 cm, hos eldre pasientar og mistanke om virvelbrot. Dersom atraumatiske virvelbrot, er det oftast indikasjon for behandling - uansett resultat av beintettleiksmåling - og eventuelt utgreiing for andre bakenforliggande sjukdommar.

Utgreiing

Det er ingen spesielle førebuingar til undersøkinga. Vanlegvis vil teknikar eller sjukepleiar ha ein samtale med deg for å kartlegge om du har andre risikofaktorar for osteoporose før sjølve beintettleiksmålinga.

Beintettleiksmålinga tar om lag 15 minutt. Ein rapport med resultatet av undersøkinga blir sendt til fastlegen din med anbefalingar om vidare behandling og eventuelt kontroll. Den same rapporten kan du lese i journalen din dersom undersøkinga skjer på ein osteoporosepoliklinikk på sjukehus. I nokre tilfelle vil du få tilbod om ein samtale med sjukepleiar direkte i etterkant av undersøkinga. Det vidare forløpet kan variere avhengig av om det er behov for vidare utgreiing.  

Behandling

Behandling av osteoporose har som målsetting å styrke beinvevet og minske risiko for nye brot. Behandlinga kan innebere både endring av livsstil og medikament mot beinskjørheit. Ved osteoporose som skuldast annan sjukdom, rettar behandlinga seg også mot den aktuelle sjukdommen.

Ikkje-medikamentelle tiltak (ting du kan gjere sjølv)

Fysisk aktivitet kan ha gunstig innverknad på skjelettet, styrke musklar og redusere falltendens. Kosthaldet er viktig, særleg er det viktig med nok kalsium og vitamin D. Tilskot med kalsium og vitamin D kan vere nødvendig. Røyking og overforbruk av alkohol har negativ verknad på beinvev, og røykeslutt og reduksjon av alkoholinntak er viktig. Tiltak for å førebygge fall (som for eksempel synsundersøking, fjerne snublefeller i heimen, blodtrykksmåling og ein gjennomgang av medikamenta dine hos fastlegen) samt eventuelt hoftebeskyttarar kan vere nyttig for dei som er ustø til beins.

Medikamentell behandling

Tilskot av kalsium og vitamin D er ofte nødvendig. Vanleg førstevalsbehandling er bisfosfonater. Bisfosfonater hemmar nedbryting av beinvev og aukar beintettleiken ved at meir kalk blir bunde til skjelettet. Eksempel på slike middel er alendronat, risedronat og zoledronat. Alendronat og risedronat er tablettar som ein skal ta ein gong i veka, mens zoledronat (Aclasta) blir gitt intravenøst ein gong i året. Det er viktig at du tar tablettane nøyaktig slik det står i brukarrettleiinga og at du ikkje utelet den enkelte gongar. Dette er for at medisinen skal verke best mogleg. Andre medikament mot beinskjørheit er teriparatide (Forsteo, sprøyter som blir gitt dagleg i inntil to år) og som aukar mengda bein i skjelettet, og denosumab (Prolia, sprøyter som blir gitt ein gong i halvåret) og som verkar tilsvarande som bisfosfonater.

Hjelper behandlinga? 

Medikament kan redusere risiko for nye brot med inntil 50 prosent. Dette betyr at dersom risikoen er låg i utgangspunktet, kan ein ikkje forvente så stor tilleggseffekt. Dersom risikoen er høg (for eksempel hos eldre kvinner med tidlegare brot og påvist osteoporose) vil 50 prosent nedgang i risiko ha stor betyding.

Oppfølging

Oppfølging av beinskjørheit skjer anten hos den som har iverksett behandlinga, for eksempel i sjukehus eller hos fastlegen. Nokre gongar blir det anbefalt kontroll av beintettleiken etter 2-5 år med samtidig vurdering av behandlingsopplegget.

For mange er det nok å behandle beinskjørheit med medikament i 3-5 år og deretter kontrollere beintettleiken med jamne mellomrom for å sjå om det er nødvendig å starte behandlinga igjen. Nokre har nytte av lengre behandling, mens andre klarer seg kun med ein eingongsdose med zoledronat. Kor lang behandling du skal ha vil fastlegen eller den som har iverksett behandlinga ta stilling til.

Kontakt

Kurs

  • Osteoporose - Volda
    Kurs for deg med beinskjørhet (osteoporose) og dine pårørande
    Osteoporose - Volda
    Dato kjem