Behandling
Digital heimeoppfølging av for tidleg fødde og sjuke nyfødde
Nyfødt intensiv tilbyr digital heimeoppfølging av for tidleg fødde og sjuke nyfødde som kan reise heim tidleg og framleis vere under oppfølging av sjukehuset via digital kommunikasjon. Behandlinga blir også omtala som NAST (Nyfødt intensiv ambulerende sjukepleieteneste).
Digital heimeoppfølging er ein del av eit innovasjonsprosjekt. Dei digitale løysingane er under utvikling og utprøving, og vil gradvis innførast saman med videokonsultasjon og egenregistreringer, for trygg og god oppfølging av barn og familiar som nyttar seg av tilbodet om heimesjukehus.
Målgruppa er for tidleg fødde og sjuke nyfødde barn frå heile Møre og Romsdal, som har langvarig sjukehusopphald med behov for vedvarande oppfølging av spesialisthelsetenesta.
Vi veit at dei yngste pasientane våre og familiane deira har langvarige sjukehusopphald som opplevast svært belastande, spesielt med tanke på logistikk og å vera lenge borte frå søsken og foreldre heime. Heimesjukehus brukar digital kommunikasjon for å understøtte ei trygg og tidleg overføring til heimen.
Kven passar tilbodet for?
For tidleg fødde barn som er medisinsk stabile, men som har behov for oppfølging i spisetreningsfasen. Barnet har snudd i vekt og begynt å spise litt sjølv, men trenger fortsatt påfyll av melk i ernæringssonden. Men tilbodet passer også for andre nyfødde som har behov for støtte og ekstra oppfølging.
Før
Før heimreise har sjukepleiar samtaler med foreldre der vi avklarar familien sitt behovet for å føle tryggleik ved digital heimeoppfølging. Før overføring til heimesjukehus må alderen til barnet være over 34 veker og barnet må være klinisk stabilt. Ansvarleg barnelege skal godkjenne barnet for tidleg heimreise.
Pasientsikkerheit er i fokus og foreldra får opplæring i sondenedlegging og trygg håndtering av denne. Det blir gitt teoretisk og praktisk gjennomgang i HLR til barn. Opplæring i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy blir gitt og testa før heimreise. Foreldra får låne nødvendig utstyr som vekt og brystpumpe gratis, og henta ut forbruksartiklar til sondemåltida frå apotek.
Tilbodet er frivillig og familien har rett til retur viss foreldra ønsker det, også etter vurdering av lege. Det må vere to omsorgspersonar i heimen, og begge får pleiepengar under heile oppholdet i heimesjukehus/ NAST.
Kva inneber det for foreldre å reise heim med digital heimeoppfølging?
Foreldra må ønske tidleg heimreise og føle seg trygg på eigen meistring i oppfølging av barnet. Foreldre til små barn kan oppleve uvisse om helsetilstanden til barnet og kva som er faresignal og korleis dei kan handtere dette heime. Digital heimeoppfølging vil gi foreldra ei moglegheit til å bidra i behandlingsplanen til barnet, fremme eigen meistring og ein blir ekspertar på barnet sitt. Opplæring av foreldre og oppfølging av tilstanden til barnet skjer jamleg via digital heimeoppfølging, opptil tre gonger pr veke. Ved digital heimeoppfølging blir det også gitt tilbod om felles videomøte med helsesjukepleiar i kommunen for vidare oppfølging.
Observasjonar heime
Foreldra veg barnet dagleg eller før videokonsultsjonar, tre gongar pr veke. NAST sjukepleiar vurderar vektauken i lag med foreldra, og i tillegg vektlegg at foreldra lærer å tyde barnets signal om svolt, metthet og trivsel, og brukar desse signala til å vurdere om barnet får tilstrekkeleg med mat.
Vi ønsker å vite kva barnet får av ernæring, ammefrekvens, flaske- eller sondemåltid.
Under
Digital eigenregistrering ved heimesjukehus (NAST)
Vi brukar eigenregistrering i ein digital nettportal (CheckWare) av mellom anna vekta til barnet, kor mykje barnet har ete mm. På denne måten får vi som følgjer opp barnet nyttig informasjon og kan betre følgje med på utviklinga til barnet. Det er ein av foreldra som har ansvar for å logge seg på og registrere opplysingane.
FRAMGANGSMÅTE
- Du får SMS med lenke til innloggingssida når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal
- Når du loggar inn første gang får du informasjon og ei orientering om digital eigenregistrering. Ved neste SMS blir du lenka direkte til innlogging og registrering.
- Du får ein ny sms dagleg klokka 09. Her registrerer du avtalte målingar (vekt, måltidsmengde mm) frå siste døgn, frå klokka 09:00 til 08:59. Nettovekt skal takast før måltid og utan klede.
- NAST-sjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir vidare anbefalingar vurdert
- Du får tilbod om videokonsultasjonar med NAST-sjukepleiar tre faste dagar i veka, måndag, onsdag og fredag. Der går vi gjennom dei digitale registreringane og avtaler vidare tiltak.
De kan under heile perioden ringe nyfødt intensiv viss de har spørsmål.
Allereie under digital oppfølging? Følg lenka for innlogging
Etter
Ved avslutning av digital heimeoppfølging får du utskrivningssamtale med sjukepleiar for eventuell vidare oppfølging. Familiane leverer inn lånt utstyr og får tilsendt ei lenke der vi spør om evalering i ei spørjeundersøking. Spørjeskjemaet handlar om opplevingane til foreldra ved bruk av digital heimeoppfølging.
Innovasjon - kvalitetsutvikling
Familiar til barn med for tidleg fødde eller til sjuke nyfødde barn som ønsker å bruke digital heimeoppfølging, blir bedt om å samtykke til bruk av informasjonen frå digital heimeoppfølging til kvalitetsutvikling. Dette for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet innan digital heimeoppfølging for barn.
Alle data blir anonymiserte etter avslutta prosjekt og kan ikkje identifiserast. Erfaringane vil òg nyttast til å vidareutvikle moglegheiter for å utvikle tilbodet til større barn.
Følgjande forskingsspørsmål blir undersøkte:
- Tryggleik under bruk av heimesjukehus
- Ernæringsutvikling og ammefrekvens
- Brukargrensesnitt
- Liggetid under heimesjukehus
Kontakt
Nyfødt intensiv
Nyfødt intensiv
Kontakt Nyfødt intensiv
Oppmøtestad
Nyfødt intensiv finn du ved barneavdelinga, eit eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.