Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Heimeoppfølging av skrøpelege eldre (PSHT)

Målet er å styrke helsetenesta til eldre pasientar med samansette og kroniske sjukdommar gjennom betre samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Utgangspunktet er kva pasienten sjølv synest er viktigast i situasjonen.

Forløpsbeskrivelse 

Pasientsentrert helsetenesteteam (PSHT) er eit tverrfagleg team med tilsette frå Ålesund sjukehus beståande av lege, sjukepleier og fysioterapeut. Målet er å styrke helsetenesta til eldre pasientar med samansette og kroniske sjukdommar gjennom betre samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Utgangspunktet er kva pasienten sjølv synest er viktigast i situasjonen.

  • Fastlegar kan sende elektronisk tilvising til Ålesund sjukehus, geritatrisk poliklinikk PSHT.
  • Heimetenesten kan ta kontakt per telefon for tilvising.
  • Ålesund sjukehus kan sende interntilvising. 

For spørsmål, ta kontakt på telefon 90 40 80 94

 

 

Tidleg kontakt

Teamet arbeider førebyggande og ønsker å kome tidleg i kontakt med pasienten for å førebygge utvikling eller forverring av sjukdom gjennom:

  • tidleg utgreiing og diagnostikk
  • tett oppfølging ved utskriving
  • godt planlagde og koordinerte pasientforløp der pasienten og pårørande er aktivt involvert
ei støttande hand på skuldra

Foto: Kristin Støylen

Kva kan PSHT-teamet bidra med i heimen/på sjukeheim?

  • Tverrfagleg vurdering og utgreiing
  • Starte behandling i samarbeid med fastlege/geriater og annan kommunehelseteneste

Teamet er eit supplement til eksisterande tilbod i sjukehus og kommune, og vil samarbeida med desse.

Kva kan PSHT-teamet bidra med ved utskriving?

  • bidra til betre koordinert utskriving
  • bistå med å organisere nødvendig opplæring for personale og oppfølging heime den første tida

Kontakt

Poliklinikk for alderdom- og slagsjukdommar Ålesund

Kontakt Poliklinikk for alderdom- og slagsjukdommar Ålesund

Oppmøtestad

Poliklinikken finn du på nordsida av sjukehuset i 1. etasje, meld deg i luka ved medisinske poliklinikkar.

Adresse

Åpningstider
  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT