Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Hjarterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering.

 

Hjarterehabiliteringa er lokalisert ved Ålesund sjukehus og inneheld trening og undervisning, samt medisinsk oppfølging individuelt og i grupper.

Trening er ein viktig del av rehabiliteringa. Det er trening ein til to gonger i veka alt etter kva slags forløp du får tilbod om. Treninga kan vere ein kombinasjon av digital oppfølging og fysisk oppmøte på sjukehuset, i tillegg til eigentrening. Hjarterehabiliteringa vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du sjølv tek aktivt del i di eiga rehabilitering. Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil du få kunnskap og innsikt rundt eigen sjukdom, slik at du blir betre i stand til å meistre sjukdomen og kjenne deg trygg. 

Vi er ei tverrfagleg gruppe med sjukepleiar, fysioterapeut, hjartelege og klinisk ernæringsfysiolog som skal hjelpe deg. 

Mål med hjarterehabiliteringa

Eit av måla med hjarterehabilitering er å gjere deg trygg. Vi vil gi deg auka kunnskap om hjartesjukdommen og erfaring med kva hjartetrening er, slik at du etter hjarterehabiliteringa kan fortsette liknande trening. Kunnskapen vil gjere deg bevisst på kva du må passe på for å førebygge ny hending.

Tilvising og vurdering

For å delta på hjarterehabiliteringa må du ha tilvising frå lege. Det skjer som oftast ved utskriving frå hjartemedisinsk sengepost anten ved Ålesund sjukehus eller St. Olavs hospital i Trondheim. Om du har fått behandling andre stader kan du gå til fastlegen din for å få tilvising. 

Før

Etter utblokking eller hjarteinfarkt kan du vanlegvis starte rehabilitering ei veke etter utskriving. Om du er hjarteoperert kan du starte med rehabilitering fire til seks veker etter operasjonen, men allereie første veka etter hjartehendinga er det fint å kome i gong med lette turar heime. 

Det er inga øvre aldersgrense for hjarterehabilitering, men du må ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta. Du må kunne gå utan hjelpemiddel og klare å gå ein tur på 30 minutt på flat veg. Samtidig må du vere motivert for trening. 

Svare på spørreskjema

Når vi har motteke tilvisninga di, vil du motta ei tekstmelding (SMS) frå oss med lenke til denne informasjonssida slik at du kan gjere deg kjent med rehabiliteringstilbudet aller først. Dernest får du ein ny SMS der vi ber om at du loggar deg inn med BankID og svarar ut fem enkle avkryssingsspørsmål. Vi brukar svara dine til å planlegge helsehjelpa di best mogleg.

Om du vil sjå dei fem spørsmåla allereie no for å tenke gjennom kva du seinare vil svare så finn du ein kopi av spørsmåla her:

  1. Eg trur mine hjarteproblem kan skuldast:
    • Arvelege forhold
    • Mine matvanar
    • Mitt fysiske aktivitetsnivå
    • Mitt stressnivå
    • Andre sjukdomar eg har
    • Røyking
    • Alkoholinntak og/eller bruk av andre rusmiddel
    • Overvekt
    • Tilfeldigheter
    • Anna / veit ikkje
  2. Eg trur eg sjølv kan påverka sjanse for tilbakevendande hjarteproblem
    • Ja
    • Nei
    • Veit ikkje
  3. Eg klarer å gå samanhengande i minst 30 minutt på flat veg utan hjelpemiddel
    • Ja
    • Nei
  4. Eg ønskjer å delta i hjarterehabilitering
    • Ja, snarast mogleg
    • Spør meg om ein månad
    • Ønskjer å diskutere det med dykk som driv hjarterehabiliteringa
    • Nei
  5. Hjarterehabiliteringa har tilbud om heimetrening med nettbasert oppfølging frå sjukehuset. Ønskjer du å nytte deg av dette?
    • Ja, eg kan tenke meg å få heimetrening med oppfølging
    • Nei, eg ønskjer ikkje å nytte meg av heimetrening med oppfølging

 Avhengig av kva du svarar på spørsmåla vil du anten

  • Bli oppringd for ein nærmare samtale og avklaring
  • Bli oppringd for å avtale oppstarttidspunkt
  • Motta ein ny SMS med lenke til nyttig informasjon utan å bli oppringd av oss (viss du kryssar av for at du ikkje ønskjer å delta i hjarterehabilitering)

Du kan også krysse av for at du ønskjer å avvente i ein månad hvis du ikkje er heilt klar til å ta stilling til hjarterehabiliteringstilbodet enno. Då avventar vi og sender ut den same SMS’en på nytt ein månad seinare.

Du må gjerne ta kontakt med oss på hjarterehabiliteringa når som helst viss det er noko du lurer på. Kontaktopplysningane og kontortider finn du lengre nede på denne sida.

Om skjemaet er gjort klart for deg, finn du det ved å logge inn på denne sida:

Elektronisk spørreskjema (Checkware)


 

Under

Hjarterehabiliteringa består av både undervising, trening og medisinsk oppfølging. 

Undervisning på Hjarteskule

Aktuelle tema for hjarteskulen er: 

  • Kosthald
  • Blodtrykk og kolesterol
  • Fysisk aktivitet
  • Stressmeistring 
  • Medisinar
  • Hjartesjukdom
  • Å leve med hjartesjukdom
  • Endring av livsstilsvanar

Trening

Treningane blir leia av fysioterapeut med sjukepleiar til stades. På første trening blir vi kjend med deg og kan tilpasse intensiteten etter di fysiske form og kondisjon.

Trening på hjarterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Du får råd og rettleiing og lagar treninga slik du ønsker å trene. Trening skal vere motiverande og ha riktig intensitet, derfor er det viktig at du tek eigarskap i utforming av eigentreninga. På den måten blir det lettare å halde på gode vanar vidare.

Treningsprogrammet som blir gjennomført på hjarterehabiliteringa er 4x4 minutt intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som ein gjentek 4 gongar. Hjartetrening er kondisjonstrening som betyr at du skal bli andpusten og sliten. Programmet 4x4 minutt intervall med høg intensitet er godt dokumentert er ein trygg treningsform for hjartepasientar. Programmet blir brukt hos dei fleste hjerterehabiliteringar i landet. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med stabilitet- og styrketrening.  

Treningane kan vere både på tredemølle, ergometersykkel og i treningssal.

 

Ta med

  • Gode sko
  • Lette treningsklede
  • Drikkeflaske
  • Handduk


Hjarterehabiliteringa tilbyr tre forskjellige forløp. Kva slags forløp du får tilbod om blir bestemt ut ifrå tilvisinga og svara du gir på spørjeskjemaet.  

Du betaler eigenandel på kroner 351,- for å delta i heile rehabiliteringsforløpet, uansett kva forløp du deltek i. Eigenandelen går inn i frikortet frå Helfo.


  • Totalt 12 veker
  • 8 veker med trening på sjukehuset
  • Vidare 4 veker heimetrening
  • Undervising med fysisk oppmøte
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege etter hjartetest
Vi legg opp til to treningar per veke (måndagar og onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Det er viktig å kombinere trening heime og hjarterehabilitering. Etter 8 veker skal du fortsette same trening heime i 4 veker. Det vil gi deg gode vanar som du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel på kroner 351,-

 

  • Totalt 12 veker
  • 4 veker med trening på sjukehuset
  • 8 veker med heimetrening og digital oppfølging
  • Digital undervising
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut
  • Fire måndagar i løpet av 8 veker er det undervisning
  • Første kondisjon- og hjartetest på tredemølle med EKG- og pulsregistrering i løpet av veke 1-3
  • Samtale med lege etter hjartetest

Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig treningspuls og intensitet og styrketrening. Kvar trening varer i ca 75 minutt. Vidare 8 veker med eigentrening heime på same måte som øktene på sjukehuset. Du får nettbasert oppfølging kvar veke den perioden. Opplæring om korleis den nettbaserte oppfølginga og kommunikasjonen skal føregå vil du få hos oss. Treningsperioden skal gi deg gode vanar du skal fortsette med etter rehabiliteringa. Forløpet blir avslutta med ein sluttsamtale og kondisjon- og hjartetest etter 12 veker. Testen er frivillig, og har ein eigenandel på kroner 351,-

  • 5 veker trening på sjukehuset
  • Undervising og diskusjon i gruppe
  • Individuell kartlegging og oppfølging med sjukepleiar
  • Individuell kartlegging og oppfølging med fysioterapeut

Vi legg opp til éi trening per veke (onsdagar) med treningsrettleiing for riktig intensitet, oppleving og tryggleik. Treninga skal opplevast frå moderat til anstrengande, og målet er at du skal bli andpusten og sliten. Kvar trening varer i ca 60 minutt.  



Etter

Etter at du har delteke på hjarterehabiliteringa, bør du ha kome inn i eigne treningsvanar som du opprettheld vidare.

Dersom du vil halde fram med liknande hjartetreningsgruppe som på sjukehuset, kan du få informasjon om kommunale og private treningsgrupper du kan delta i.

Kunnskapen og erfaringa du får på hjarterehabiliteringa skal gjere deg trygg på å belaste hjartet. Etablerte rutinar gjer at du vidare kan pleie hjartet i kvardagen, ved hjelp av gode livsstilsvanar.

Etter rehabilitering er det viktig med regelmessig kontroll og oppfølging av blodprøver og blodtrykk hos fastlege.

Kontakt

Poliklinikk for hjartesjukdommar

Kontakt Poliklinikk for hjartesjukdommar

Oppmøtestad

Bruk inngangen på nordsida. Hjarterehabiliteringa held til på fysioterapiseksjonen i underetasjen rett under medisinsk poliklinikk. Ta til høgre når du kjem inn, og følg skilting til hjarterehabiliteringa.

 
Kontortider: 
Måndag: Kl. 08.00 - 15.30
Tysdag i partalsveker: kl. 08.00 - 15.30
Onsdag: kl. 08.00 - 15.30
Torsdag - søndag: Stengt 
 
Telefon kontor: 70 10 51 43
 
Epost: medisinsk.avdeling.alesund.fellespostkasse@helse-mr.no

Opningstider

  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Kurs

  • Hjarterehabilitering - Ålesund
    Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransearteriar eller har operert kranseårar ved bypass-operasjon, kan få tilbod om hjarterehabilitering
    Hjarterehabilitering - Ålesund
    Dato kjem