Tid og stad
Når
- 19. nov. 2024
- 26. nov. 2024
- 03. des. 2024
- 10. des. 2024
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Kvifor delta på kurs
For deg med ME. Pårørande er også velkomne til å delta, ein treng ikkje å melde frå om dette. Kurset går over 4 korte/halve dagar.
Innhald
Tema som:
- Kva veit vi om SDF/ME? ved nevrolog
- Avspenning og fysisk aktivitet ved spesialfysioterapeut
- Å leve med ME - ved brukarrepresentant
- Info om ME-foreningen
- CSF/ME og stress, søvn ved nevropsykolog
- Rettigheiter ved sosionom
- Kosthald og CSF/ME ved klinisk ernæringsfysiolog
- Veien videre ved fleire fagpersonar + brukarrepresentant frå Frisklivssentralen i Molde
Med atterhald om endringar. Kursprogram og info vert sendt ut per post. Info om digitalt oppmøte vert sendt på e-post, sjekk gjerne søppemail.
Praktisk informasjon
Kurset er fysisk (i Molde), men dersom du ikke greier å delta fysisk eller ynskjer dette kan du delta digitalt alle fire kursdagane.
Det vert servert kaffi/te, ta evt. med matpakke ved behov.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Borghild Christie
71 12 04 80Astrid Ljøkjell Solem, Lærings- og meistringssenteret
930 91 816