Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Dialektisk atferdsterapi (DBT) - Volda

For personar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.

Tid og stad

Når

Gruppa går jamleg gjennom heile året og ein tek inn nye medlemmar når nokon sluttar/så fort der er ledig plass.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Tilbodet er eit samarbeid mellom døgnavdelinga og poliklinikken

Kvar

ved Volda DPS Poliklinikk, Kløvertunvegen 1

Dette er eit tilbod til pasientar som allereie går i poliklinikken.

Fastlegen din kan tilvise deg til poliklinikken.

Tilvising sendes elektronisk til DPS poliklinikk, Volda
 

Kvifor delta på behandlingstilbodet

Dialektisk atferdstearpi (DBT) er for deg som er diagnostisert med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring og som har vanskar knytt til sjølvskading og/eller sjølvmordstankar, sterke og svingande følelsar og relasjonelle vanskar. Dersom desse vanskane skaper store problemer for deg på fleire livsområder, så kan DBT vere behandlinga for deg.  

Innhald

I DBT har ein som mål å hjelpe pasientane å lære seg ulike ferdigheiter for å forstå og regulere sterke følelser, halde ut i kriser, samt ferdigheiter knytt til å setje grenser, skape og bevare relasjonar til andre menneske. Mindfulness (oppmerksomt nærver) er ein av kjerneferdigheitene i DBT. Dette handler om å trene oppmerksomheita til å vere her og no, samt innta ein open og ikkje-dømmande haldning.

Før-behandling:

Før oppstart i gruppe vil du få individuelle samtalar for kartlegging, meir informasjon om DBT og for å finne ut om DBT er den rette behandlinga for deg no. Dersom du får tilbod om vidare deltaking og du klarer å forplikte deg til behandlinga, vil du få tilbod om både individualterapi og gruppebehandling.

Individualterapi: vekentleg á 45 min
Ferdigheitstreningsgruppe: vekentleg á 2 timer

Behandlinga varer om lag 8 månedar. Det er møteplikt.
Gruppa består av maks 8 deltakarar.

Praktiske opplysningar

Ved poliklinikken vår er behandlinga retta mot voksne mellom 18-35 år som har diagnosa emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.

Behandlaren din ved poliklinikken kan tilvise deg til DBT. Dersom du ikkje har ein behandlar, kan du bli tilvist til poliklinikken for å få ein vurdering om DBT-behandling kan vere noko for deg.

Rettar og eigenandel

Du betalar ein eigenandel/frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Kontakt