Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
KVIFOR DELTA
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om KOLS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med KOLS.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
INNHALD
- Sjukdomsforståing
- Å leve med KOLS
- Kosthald
- Medisinar og inhalasjonsteknikkar
- Rettar
- Fysioterapi og fysisk aktivitet
- Informasjon om LHL
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Det er ikkje planlagt KOLS-kurs ved Ålesund sjukehus i næraste framtid. Ta difor kontakt med avdelinga og meld di interesse eller bli satt opp på kurs ved anna sjukehus (Kristiansund eller Volda) dersom du ønsker dette.
Det kan vere nyttig å ha eigne inhalasjonsmedisinar tilgjengeleg når ein går igjennom dei ulike inhalatorane. Kurset kan i visse tilfeller vere digitalt.
Du vil få nærare beskjed vedrørande bevertning.
Parkering etter gjeldande reglar.
RETTAR OG EIGENANDEL
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
NYTTIGE NETTSIDER
Kontakt
Lungepoliklinikken
70 10 55 80Medisin sengepost 1
70 10 56 40