Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Kvifor delta på kurs
Med kursa ynskjer vi at du skal få
- Betre livskvalitet.
- Auka sjukdomsforståing og medvit om livsstil.
- Tidleg oppdaging av prodromalsymptom.
- Betre etterleving av medikamentell behandling.
- Unngå rusmisbruk / sjølmordsatferd.
- Meistring av psykososiale konsekvensar av affektive episodar.
- Betre sosial fungering mellom episodane.
Innhald
Strukturert behandling. Fast agenda på kvart møte med gruppediskusjon og heimelekse.
- Teori og faktakunnskap om bipolar liding.
- Allment om behandling og medikamentell behandling.
- Fokus på korleis forebyggje nye affektive episodar.
- Stressmeistring og livsførsel.
Praktiske opplysningar
Gruppa møtast 2 timar i veka over 8 veker.
8 – 16 deltakarar i gruppa
Deltakarane får ein individuell informasjons/vurderingssamtale før gruppa starter.Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.
Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.
Rettar og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Elise Humlen
70 16 73 00Wibeke Stuen Leira
70 16 73 00