Tid og stad
Kvifor delta på kurs
Føremålet med undervisninga er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.
Innhald
- Sjukdomslære
- Medikament
- Kosthald
- Daglege aktivitetar
- Fysisk aktivitet
- Trygde- og sosiale rettar
Praktiske opplysningar
Du får innkallinga i god tid før kurset som også inneheld dei praktiske opplysningar du treng.
Bevertning: Det serverast enkel lunsj, faktura sendast i etterkant av kurset.
Dersom det er behov for overnatting, tek ein kontakt med avdelinga.
Parker på sjukehusets gjesteparkering.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her