Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi å vere veivisar i ein ny kvardag og å leggje til rette for erfaringsutveksling mellom foreldre i liknande situasjon.
Vi ynskjer å skape forståing og meistring i rolla som forelder/foresatt.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Kurset vert av ulike årsaker avlyst i 2023, kurset haldast ca anna kvart år.
Innhald
Med atterhald om endringar i tema:
"Systema rundt oss"
- Korleis finne fram i jungelsystemet
- Individuell plan
«Familie og kommunale instansar»
-
Besøk frå tildelingstenesta, PPT og helsestasjon
«Samspill med barnet.»
-
Kommunikasjon og samspel
-
Å meistre ein belastande kvardag
«Håp og mestring»
- Familie - Korleis gi plass til alle?
- Parforhold, søsken, besteforeldre, familie/nettverk
- Korleis samarbeide med familie og nettverk?
Praktiske opplysningar
Foreldre betalar kr 500 kr per person for heile kurset. Dette inkluderar kaffe, te, frukt og lunsj. Gi beskjed dersom du ikkje ynskjer bevertning.
Rettar, opplæringspengar og eigenandel
Ingen eigenandel.
Du kan søke om opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Opplæringspengar reknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråver frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Lenker til aktuelle sider:
Kontakt
Rigmor Vågen
71 21 75 70 / 478 48 073