Diagnose
Leddgikt (revmatoid artritt)
Leddgikt, eller revmatoid artritt, er ein kronisk leddsjukdom prega av hovne ledd, leddsmerter og stivleik. Det er ein autoimmun sjukdom der immunforsvaret til kroppen går til angrep på eigne celler og lagar betennelse (inflammasjon) i leddhinnene.
Utbreiing
I Noreg har cirka 0,5 prosent av befolkninga revmatoid artritt. Sjukdommen er tre–fire gonger hyppigare hos kvinner. Den kan starte i alle aldrar, men oppstår oftast hos personar over 50 år.
Symptom
Hovudsymptoma ved leddgikt er hevelse, smerte og stivleik i fingerledd på grunn av leddbetennelse (artritt). Utan behandling kan sjukdommen føre til leddskade og nedsett funksjon. Påverknad av indre organ er sjeldan, men leddgikt kan gi auka risiko for å utvikle beinskjørheit (osteoporose) og hjarte-karsjukdom. Det er ikkje uvanleg å oppleve generell trøyttleik eller utmatting.
Sjukdommen kan arte seg svært ulikt frå person til person. Nokon opplever milde symptom, medan andre har meir alvorleg sjukdomsforløp.
Symptoma varierer over tid. Hos nokon svært få går sjukdommen heilt tilbake utan behandling, medan nokon berre opplever milde symptom. Dei fleste får meir plager etter kvart dersom ein ikkje behander sjukdommen. Det finst i dag effektive medisinar som dempar betennelsen og lindrar plagene.
Tilvising og vurdering
Dersom det er mistanke om at du har leddgikt vil du bli tilvist til revmatolog av fastlegen din. Opplysningane frå fastlegen gir grunnlag for om og kor raskt du vil bli innkalla til vurdering.
Utgreiing
Revmatologen vil snakke med deg og undersøkje ledda dine. Beskrivinga di av plagene gir viktig informasjon til legen. Blodprøvar kan vise om betennelsesmarkørane senking og CRP er forhøgde. Blodprøvar vil også vise om du har antistoffa revmatoid faktor (RF) og anti-CCP. Dersom du har leddgikt og desse antistoffa, seier ein at leddgikta er seropositiv.
Dei fleste revmatologer bruker ultralyd som ein viktig del av undersøkinga. Andre biletundersøkingar som røntgen og MR kan brukast for å kartleggje omfanget av leddbetennelse og moglege leddskadar.
Omfang og varigheit av leddbetennelse saman med opplysningane du gir og resultat av andre undersøkingar, avgjer om ein stiller diagnosen leddgikt. Av og til kan diagnosen stillast ved første time, medan andre gonger kan det vere nødvendig med fleire undersøkingar før det blir klart om du har leddgikt eller ikkje.
Behandling
Dersom du har leddgikt vil du starte med behandling når diagnosen er stilt. Når det er igangverande betennelse i ledda er det viktig å komme i gang med behandlinga raskt. Du blir teken med på råd om kva behandling som er best for deg. Når du startar med medisinar vil du få informasjon om medisinen og om det er behov for blodprøvekontrollar hos fastlege under behandlinga.
Medikamentell behandling
Behandlinga kan delast inn i symptomlindrande medikamentell behandling og sjukdomsreduserande antirevmatiske legemiddel (DMARD). Symptomlindrande behandling kan vere smertestillande (Paracet) og betennelsesdempande medisinar (NSAIDs som f.eks. Naproxen og Ibux).
Dei sjukdomsreduserande medisinane dempar overaktiviteten i immunsystemet og dermed betennelsesprosessen. Dette er viktig for å hindre utvikling av leddskade. Ofte er kortison (Prednisolon) aktuelt i byrjinga for å få rask effekt, anten i tablettform eller som injeksjon i ledd. Det mest aktuelle sjukdomsreduserande legemiddelet er methotrexate (Methotrexate tablettar eller Metex injeksjonar).
Andre alternativ er sulfasalzin (Salazopyrin) og leflunomid (Arava). Det tek ofte 3–4 månadar før desse medikamenta har effekt. Kortison er viktig for å dempe betennelsen i ledda i denne tida før DMARDS har effekt. Av og til vil kortisoninjeksjonar i ledda vere nødvendig og effektivt.
Dersom ein ikkje får tilstrekkeleg effekt av desse tradisjonelle, åleine eller i kombinasjon, kan det bli aktuelt med biologiske legemiddel. Dette er medisinar som er laga for å verke på spesifikke delar av betennelsesprosessen. Dei biologiske medikamenta har best effekt når dei blir kombinerte med methotrexate. Dei biologiske legemidla blir gitt direkte i blodet (intravenøs infusjon) eller som sprøyte/penn som blir sett under huda.
Anna behandling
Trening og øvingar kan gjere at du blir mindre stiv, får betre funksjon og kan halde rørsle ved like, i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Mange med revmatoid artritt får rettleiing frå fysioterapeut om dette i starten av diagnosen, i periodar kan det også vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gi råd og rettleiing, særleg ved funksjonstap i hender.
Svangerskap
Ein kan få barn sjølv om ein har leddgikt, men det er ønskjeleg at svangerskapa blir planlagde til ein periode der leddgikta er lite aktiv. Det er viktig at ein tek opp ønske om barn på kontrollar fordi det kan vere behov for å endre behandling, til dømes må metotreksat avsluttast og eventuelt erstattast av anna behandling 3 månader før ein prøver å bli gravid. Det er ikkje auka førekomst av misdanningar hos barnet til kvinner med leddgikt.
Oppfølging
Behandling av revmatoid artritt går over mange år. Oppfølginga vil vere eit samarbeid mellom deg, fastlegen din og revmatologisk avdeling.
Det vil vere tette kontrollar når du får diagnosen og ved periodar med aktivitet i sjukdommen. Mange sjukehus har laga pasientforløp der det inngår kontrollar hos sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut i tillegg til lege det første året. Når sjukdommen er fredeleg, kan du ha færre kontrollar og ein del sjukehus har då behovsstyrt oppfølging der du sjølv tek kontakt når du treng kontroll på sjukehuset.
Du må sjølv avtale kontrollar hos fastlegen
- Du har éin kontrolltime i året hos fastlege, der mellom anna risiko for hjarte- og karsjukdom og beinskjørheit blir vurdert.
- Dersom du bruker DMARDS, må du avtale blodprøvetaking regelmessig, vanlegvis 4 gonger i året. Dette er for å sjekke at behandlinga ikkje har utilsikta biverknadar.
- Dersom du bruker DMARDS og/eller er >65 år, bør du vaksinere deg mot influensa- og koronavirus om hausten og pneumokokkvaksine kvart 6. år. Ved nokon DMARDS er det tilrådd vaksine mot herpes zoster (Shingrix) i tillegg.
DMARDS dempar immunsystemet noko. Dersom du bruker biologisk DMARD og får infeksjon som gjer at du treng antibiotika eller må leggjast inn på sjukehus, bør du ta pause frå biologisk behandling til infeksjonen er under kontroll. Dersom du skal opererast, er det viktig at du seier frå på førehand dersom du bruker biologisk behandling, det vil ofte bli tilrådd å ta pause frå biologisk behandling i forkant og dei første 2 vekene etter ein operasjon.
Å leve godt med kronisk leddsjukdom
Målet er at det ikkje skal vere teikn til betennelse i ledda, og at ein skal kunne delta i arbeidslivet og i sosiale aktivitetar på linje med friske personar.
God kunnskap om sjukdommen er viktig. Det gir deg grunnlag for å meistre din situasjon, og å ta gode val for deg og helsa di. Mange erfarer at det er nyttig å møte andre som har liknande helseutfordringar. Mange sjukehus arrangerer lærings- og meistringskurs med tanke på dette.
Livsstilen ein har, kan påverke sjukdomsforløpet ved leddsjukdom. Det blir tilrådd å ha eit sunt kosthald og å trene regelmessig, både styrke og kondisjonstrening. Tilrådingane for fysisk aktivitet og kosthald for menneske med leddsjukdom er i prinsippet lik tilrådingane for heile befolkninga.
Tilrådingar om fysisk aktivitet (helsenorge.no)
Tobakk blir frårådd fordi det aukar risikoen for høg sjukdomsaktivitet (i tillegg til andre uheldige effektar).
Dersom du har utfordringar med fysisk aktivitet eller utføring av aktivitetar i kvardagen, kan vurdering hos fysioterapeut og ergoterapeut vere nyttig. Dette kan du snakke med behandlaren din om.
Kontakt
Revmatologisk poliklinikk
Oppmøtestad
Den gamle poliklinikkinngangen er no stengt pga ombygging. Bruk hovudinngangen på sørsida og gå tvers gjennom sjukehuset. Du finn oss i enden forbi skyvedørene.
Nyheiter
Kurs
- Leddgikt - ÅlesundRevmatologi. For deg som har nokså nyoppdaga sjukdom i løpet av dei siste åra. Pårørande er velkomne til å delta.Leddgikt - Ålesund10.mars20252 dagar