Undersøking
Måling av beintettleik
Beintettleik blir målt med ei enkel røntgenundersøking med ein metode som er kalla DXA (dual-energy X-ray absorptiometry). Metoden gir mindre stråling enn vanleg røntgen. Vi måler vanlegvis beintettleik i hofte og nedre del av ryggen.
Tilvising og vurdering
Undersøkinga blir utført etter tilvising frå lege.
Før
Undersøkinga krev inga førebuing. Det er ein fordel å ta på lette og ledige klede utan metall som knappar, spilar eller glidelås i midje-/lårområdet.
Under
Etter
Ein lege granskar bileta og skriftleg rapport blir send til legen som tilviste deg. Om resultatet tilseier det, kjem legen med forslag til behandling.
Viser målingane forstadiet til beinskjørheit (osteopeni) eller beinskjørheit (osteoporose) gjer ein målingane på nytt etter 2–5 år. Slik kan vi følgje med på utviklinga og gi deg best mogleg behandling. Dei siste åra har det blitt meir vanleg å følgje effekten av osteoporosebehandling med ein blodprøve (P1NP) framfor beintetthetsmålingar.
Kontakt
Kurs
- Dato kjem