Behandling
Medikamentfri behandling, psykisk helsevern
Personar med for eksempel kronisk depresjon og angst eller langvarige relasjonsproblem/personlegheitsproblematikk vil kunne få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre.
Vårt behandlingstilbod
I det medikamentfrie tilbodet har vi dagbehandling, poliklinikk og ein sengepost med tre senger. Vi tar imot pasientar frå heile regionen. Dette er eit intensivert, heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod. Målet med behandlinga er at tett oppfølging, intensivering av tiltak og systematisk tilnærming, vil gi auka behandlingseffekt og endring som varer. Dine ressursar, målsetning og medverknad er i sentrum.
Gjennom systematisk innhenting av tilbakemeldingar undervegs frå deg som bruker tilbodet, skal vi gjere individuelle tilpassingar og utvikle vår kunnskap om medikamentfri behandling av psykiske lidingar.
Vi bruker psykoterapi-forma ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Therapy), då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarig og samansett problematikk.
Behandlingstilbodet er eit regionalt prosjekt som svarer på bestillinga til Helse- og omsorgsdepartementet om medikamentfrie behandlingseiningar i kvar helseregion.
Tilvising og vurdering
Tilvising til medikamentfritt behandlingstilbod ved DPS Vegsund skjer via behandlaren din i spesialisthelsetenesta, psykisk helsevern for vaksne. Behandlaren din vil i lag med deg vurdere om dette er eit tilbod som du kan ha nytte av.
Fastlegen din kan tilvise deg til den lokale spesialisthelsetenesta med informasjon om at du ønskjer eit medikamentfritt tilbod. Den lokale spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.
Utredning
Vurderingsdag
På vurderingsdagen møter du teamet vårt med overlege, psykologspesialist, miljøterapeutar, fysioterapeut og musikkterapeut. Vi vil snakke med deg om motivasjon og målsetting for behandlinga, kartlegge psykiske plager, somatisk helse, samarbeid med familie og lokale hjelpeinstansar og informere om tilbodet. Du vil få ein prøvetime i psykoterapi for å planlegge behandlinga, og klargjere om dette er eit nyttig tilbod for deg.
Behandling
Vi tilbyr eit 8 vekers behandlingsopphald der vi har sett saman fleire medikamentfrie behandlingsformer i eit intensivt program. Vi bruker psykoterapi-forma ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Therapy), då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarig og samansett problematikk. Vi legg vekt på tilbakemeldingar frå deg for å tilpasse behandling undervegs og sikre at du får maksimalt utbytte av behandlinga. Dette sikrar vi gjennom spørreskjema og samtale kvar veke.
Du får eigen timeplan som du følgjer gjennom dei åtte vekene. Følgande behandlingsformer er inkludert i medikamentfritt behandlingstilbod ved DPS Vegsund:
Behandlingstilbodet er basert på mykje aktivitet, og det er viktig å ha med tilpassa klede og utstyr.
Oppfølging
Samarbeid, rettleiing og overføring av informasjon og kompetanse til lokalt hjelpeapparat vil vere sentralt undervegs i behandlinga og ved utskriving. Ved behov for og i samarbeid med deg og aktuelle instansar vil vi utarbeide kriseplan og bidra til etablering av Individuell plan.