Undersøking
MR av mage
Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.
MR av mage kan innebera undersøking av blant anna lever, bukspyttkjertelen, nyrer, tynntarm, gallegangar eller lymfeknutar i buken.
Tilvising og vurdering
Før
Du vil få nærmare informasjon om førebuingar i innkallinga du mottek i posten eller ved avdelinga når timen blir avtalt.
Førebuing heime
Du må faste åtte timar før undersøkinga, men bør drikke rikeleg med vatn i denne perioden. Det er svært viktig at du les vedlagte informasjonsfaldar, og tar kontakt dersom noko er uklart.
Når du møter på røntgenavdelinga får du drikkekontrast (cirka ein liter), som du skal drikke jamnt over 60 minutt.
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller legen som tilviser deg til undersøkinga, på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar, shunter i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du kontaktar radiologisk avdeling.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen din om smertestillende/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Førebuing på sjukehuset
Nokre gongar kan det vere nødvendig å setje ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å bevege seg ei lita stund. Det fins ulike medisinar og MR-personalet vil tilpasse dette for kvar enkelt pasient. Tarmrøyrsler kan elles gi forstyrringar i bileta.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Ei plastnål (venekanyle) vert lagt inn i ei blodåre i.
Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.
Under
Gjer det vondt?
Etter
Resultatet av undersøkinga
Ver merksam
Kontrastvæska du drikker før undersøking av tynntarmen, fører til at det blir samla mykje vatn i tarmen. Du kan oppleve laus mage/diaré etter undersøkinga.