Tilvising
Du må ha tilvising (henvisning) frå lege eller behandlar for å delta på på dei fleste kurs og gruppetilboda i HMR. Det kan vere fastlegen din eller lege på sjukehuset. Legen sender tilvising til det fagområdet/ avdelinga som arrangerer opplæringstilbodet. Sjå oversikt kurskatalog for informasjon om arrangerande avdeling. Ved digitale kurs treng vi at du oppgir di e-postadresse i tilvisinga.
Oversikt over kurs- og opplæringstilbod
Helse Møre og Romsdal tilbyr kurs og gruppetilbod ved Ålesund sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus, Volda sjukehus, Ålesund behandlingssenter, Molde behandlingssenter, DPS Ålesund, DPS Vegsund, DPS Molde, DPS Kristiansund, DPS Volda og Aure rehabiliteringssenter. Vi har også fleire digitale kurs. Du kan få tilvising til kurs andre stader i landet viss vi ikkje har tilbodet hos oss. På vår nettside (i kurskatalogen over) ser du ulike lokale, regionale og nokre nasjonale kurstilbud. For å sjå lokale kurstilbud ved andre sjukehus må du gå inn på nettsidene til det enkelte sjukehuset.
Digitale kurs
Merk at nokre kurs er digitale og ein kan delta heimanfrå eller ved å møte opp ved eit lokalsjukehus. Nokre av tilboda kan vere delvis digitale. Du finn informasjon om dettei kurskatalog eller ved å ta kontakt med arrangerande avdeling.
Praktisk informasjon om digitale kurs og personvern finn du her
Anna praktisk informasjon
- Praktisk informasjon kring kvart enkelt kurstilbod (lengde, bevertning ol.) finn ein i kurskatalogen og får tilsendt i kursinnkalling/program.
- Ta kontakt med Lærings- og meistringssenteret dersom du har spørsmål vedrørande tilgjenge og spørsmål rundt universell utforming i kurslokala
- Parkering ved sjukehusa skjer etter eigne reglar.
- Helse Møre og Romsdal følger til kvar tid nasjonale føringar og smittevernomsyn. Du skal vere trygg på at all aktivitet skal skje på ein god måte både for deg som pasient, pårørande og for dei tilsette.