Bakgrunn
DAC skal vere verktøy for at Helse Møre og Romsdal skal kunne etterleve helseforskingslova sitt krav om internkontroll for forsking (jf § 4 i helseforskingsforskrifta), og krav i artikkel 30 i Den europeiske personvernforordninga (GDPR) om å føre protokoll over behandling av personopplysningar.
Helseforskingslova krev at medisinsk og helsefagleg forsking skal organiserast og utøvast forsvarleg. Dette betyr mellom anna å ivareta det etiske, medisinske, helsefaglege, vitskapelege og personvernet. Helseforskingslova seier at ansvaret for dette kviler både på studie-/prosjektleiar og organisasjonen/føretaket.
Intern registrering og godkjenning av personvern før ein kan starte prosjektet i HMR
Krav om intern godkjenning gjeld for alle typar forskingsstudiar/prosjekt t.d. interne prosjekt i HMR, HMR som deltakar i multisenterstudie og viss ein avdeling i HMR vert kontakta av ein ekstern prosjektleiar som ønskjer å nytte pasientopplysingar/data frå HMR – kring ein spesifikk problemstilling.
Formål og ansvar
Kva vurderer DAC?
På vegne av leiinga i HMR HF skjer vurdering og godkjenning av personvernet i forskings- og kvalitetssikringsprosjekt i HMR HF i DAC, leia av forskingssjef.
DAC har ikkje som hovudoppgåve å vurdere kvalitet og nytte i forskings- helsetenesteprosjektet. Det er prosjektleiar sitt ansvar at prosjektet er av god kvalitet, kan gjennomførast og har nytteverdi. Dette skal kome tydeleg fram når ein søkjer godkjenning i DAC. Hjelp får du via nettsidene til Seksjon for forsking og innovasjon eller forskar i din klinikk-avdeling-seksjon.
DAC har likevel høve til å vurdere dei formelle forhold (t.d. etiske, ressursmessige, faglege og vitskaplege) som seier noko om kvalitet og nytte i den framlagte søknaden. DAC kan også på dette grunnlag kome med krav om endringar før godkjenning.
Kompetanse i DAC
I DAC er det medlemmer med kompetanse både om personvern og teoretisk/praktisk gjennomføring av forskingsprosjekt.
DAC skal:
- sikre personvern i forsking
- ved at studie/prosjekt har alle formelle godkjenningar, at det ligg føre behandlingsgrunnlag og at prosjektet elles er innretta i samsvar med personvernprinsippa.
- ved datautlevering frå pasientjournal (EPJ) og lokale kvalitetsregister i HMR
- ved lagring og utlevering av biologisk materiale
- sikre personvern i helsetenesteforsking som kan vere
- kvalitetssikringsprosjekt
- innovasjonsprosjekt
- forskingsprosjekt
DAC kan også vurdere:
- kvalitet og nytte
- etiske, ressursmessige, faglege og vitskaplege forhold
- prosjektleiar sin faglege og vitskapelege kompetanse
DAC treng ikkje vurdere:
Møter
DAC har møter om lag kvar 3 veke og må ha søknad i hende minst ei veke i framkant (DAC). Alle aktuelle dokument, jf. liste i søknadsskjemaet, må vere vedlagde søknaden før den blir handsama i DAC. I kvart møte handsamer ein typisk 5 saker, men må vurderast etter kor omfattande saken er.
Vedtak og klage på vedtak
Vedtak av DAC gjeld på vegne av HMR. Vedtak som ikkje innvilgar søknaden skal
grunngivast. Vedtak kan påklagast av søkaren innan tre veker etter mottak av vedtaket. Klager rettast til DAC, som gjer ei ny vurdering av saka, og enten fastheld eller omgjer vedtaket. Om vedtaket blir fastheldt av DAC, førebur DAC klagesaken til avgjerd av fagdirektør, som fungerer som intern klageinstans. Fagdirektørs vedtak er endeleg. Reglane i Forvaltningslova gjeld ellers så langt det høver.