Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagbiblioteket i HMR

Fagbiblioteket er eit medisinsk bibliotek tilgjengeleg for alle tilsette i helseføretaket, og skal støtte opp om vidareutdanning, forsking og kompetanseheving.  Tenestene du får ved Fagbiblioteket er gratis.

Hos Fagbiblioteket i Helse Møre og Romsdal kan du få hjelp til å låne bøker og få tilgang til fulltekstartiklar. Bibliotekar Eva M. N. Lundanes rettleier deg gjerne i litteratur- og artikkelsøk, gir hjelp til litteratursøking ved utarbeiding av fagprosedyrer, gir støtte og rettleiing i referansearbeid og EndNote eller andre elektroniske ressursar via skype.

Dei tilsette i Fagbiblioteket kan kjøpe inn og  etablere abonnement på tidsskrift, enten i papirformat, men mest ved elektronisk tilgang.
HMR har avtale om tilgong til ClinicalKey frå Elsevier.

Fagbibliotekar held kurs i litteratursøking og i EndNote, og informerer ved besøk på avdelingar og seksjonar. Bibliotekar registrerer og kontrollerer publikasjonar til NVI-rapportering i Cristin-databasen, og registrerer og administrerer forskarprofilar i Cristin.

Spørsmål?
Ta kontakt på: bibliotek@helse-mr.no eller tlf 70 10 68 58

 

Fagbiblioteket Molde sjukehus

bibliotek@helse-mr.no
Plassert i underetasjen  på Lundavang
Måndag - fredag kl 08.00-15.30 (Vanlegvis betent torsdag kl 10-14)

Fagbiblioteket Ålesund sjukehus
bibliotek@helse-mr.no
Telefon: 70 10 68 58

Søk etter faglitteratur og lån 
Du kan søke opp, låne og reservere medisinsk faglitteratur via www.oria.no. Vidare finn du også vitskaplege artiklar, e-bøker og tidsskrift innan ditt fagfelt her. Kontakt Fagbiblioteket dersom du ikkje har lånekort.


Helsebiblioteket – www.helsebiblioteket.no
Oria (Oversikt over dei samla ressursane i fagbiblioteket, papir eller digitalt) – www.oria.no​ 
ClinicalKey (Samling av tidsskrift, e-bøker og andre ressursar frå forlaget Elsevier) www.clinicalkey.com  

Som tilsett i HMR finn du mer informasjon om Fagbiblioteket sine tenester på intranettsidene (krev intern pålogging)

Sist oppdatert 25.04.2024