Forsking, ortopedi og biomekanikk
Skal bruke robot til å undersøke behandling av høge ankelbrot
Prosjektet kan føre til eit betydeleg skifte i korleis slike brot blir behandla i framtida.
Ortoped Andreas Fagerhaug Dalen fekk tildelt forskingsmidlar til å finansiere ein biomekanisk studie ved Ålesund Biomechanics Lab (ÅBL) på Ålesund sjukehus.
ÅBL er i skrivande stund det første og einaste biomekaniske laboratoriet i Skandinavia, og vart etablert i samarbeid mellom ortopedar frå Ålesund sjukehus og ingeniørar ved NTNU.
Les også: Opna lab med knokkelrobot.
Kvart år utlyser Helse Møre og Romsdal interne forskingsmidlar med føremål om å auke forskingsaktivitet og vitskapelig publisering i helseføretaket.
- Midlane gjer oss moglegheita til å bygge den infrastrukturen vi treng for å gjennomføre prosjektet. Denne tildelinga viser at dei støtter forskingsaktiviteten ved ÅBL, seier Dalen.
Kan være meir stabile enn tidlegare antatt
Med bruk av humane donoranklar skal Dalen og samarbeidande forskarar undersøke i kva grad såkalla "Weber C"-ankelbrot, ein type ankelbrot i det ytre leggbeinet, kan behandlast utan operasjon.
Behandling av ankelbrot i dette beinet avheng av nivået der brotet finn sted. Historisk har nedre brot ("Weber A"-brot) blitt behandla utan kirurgi. Midtre brot ("Weber B"-brot) behandlast i aukande grad med ortose eller gips som følge av studier som mellom anna er gjort ved ÅBL. Høge brot ("Weber C"-brot) blir som regel operert.
Nivå på ankelbrot i det ytre leggbeinet (fibula) basert på Webers klassifikasjon. (Illustrasjon: Alf Inge Hellevik)
Sjølv om operasjon kan gjenopprette stabilitet i ankelleddet kan slike inngrep inneber moglege komplikasjonar for pasienten. Mellom anna kan det føre til infeksjon, blodpropp, eller plager frå plate og skruer.
I dei siste åra har forskarar stilt seg spørjande til kva grad operasjon er nødvendig ved "Weber C"-ankelbrot, og om man kan behandle langt fleire pasientar utan operasjon med like gode resultat, færre komplikasjonar, og mindre ressursar.
Med hjelp frå "Frank"
Roboten "Frank" vil spele ein viktig rolle i prosjektet. Den er spesialtilpassa for biomekanisk testing, og har ein adapter på enden av robotarmen som dei kan feste donorankelen på.
Les også: Slik var opninga av Ålesund Biomechanics Lab sine nye lokale.
"Frank" gir stor grad av presisjon og moglegheit for å måle stilling, bevegelsar, og krefter i den festa ankelen.
Doktogradsstipendiat og prosjektdeltakar Aleksander Skrede gir ein demonstrasjon av roboten "Frank". (Foto: Petter Bjørklund)Kvar donorankel testast først i uskadd tilstand, kor forskarane deretter lagar eit "Weber C"-brot og ein gradvis aukande skade på stabiliserande blautdelsstrukturar. Til slutt skadar dei det djupe bakre deltoidligamentet. Kvar skade blir så operert.
Slik kan forskarane samanlikne stabiliteten i ankelleddet før, under og etter skade, og sjå på effekten av kirurgiske inngrep for kvar av dei nemnde skadane.
Kan medføre eit betydeleg skifte i behandling
Gjennom prosjektet kan forskarane få meir kunnskap om ein ankelskade som er vanleg blant befolkninga, og korleis den kan behandlast betre.
Dersom både biomekaniske og kliniske studiar i prosjektet viser at man kan behandle "Weber C"-ankelbrot like godt utan operasjon, vil det kunne føre til eit betydeleg skifte i behandling av slike brot.
- Innlegging og kirurgi er ressurskrevjande. Ein betydeleg reduksjon i operasjonar, innleggingar, og komplikasjonar vil være ressurssparande for helsevesenet. Prosjektet vil samla sett kunne bidra til både ein betydeleg medisinsk og samfunnsøkonomisk gevinst.
Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram!