Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske studiar

Klinisk Forskingspost og Biobank1

Klinisk Forskingspost HMR ("Forskingposten") opna i 2017 og er ein operativ eining for kliniske intervensjonsstudiar.  Forskingsposten er ein del av Seksjon for kliniske studiar under Fagavdelinga.

En gruppe mennesker i et laboratorium

 

Forskingsposten video

Klikk på biletet for å sjå film om Klinisk Forskingspost​​

Våre tenester

Klinisk Forskingspost HMR ("Forskingsposten") opna i 2017, og er ein operativ eining for kliniske intervensjonsstudiar. Forskingsposten har eit nettverk av studiepersonell som sjukepleiarar, bioingeniørar og legar, og kort veg til statistikar og monitor.

Med eit godt utrusta laboratorium, eit nært samarbeid med avdeling for biokjemi, mikrobiologi og patologi i heile fylket, og dagleg kontakt med avdeling for radiologi og Sjukehusapoteket har Forskingsposten rask responstid. Staben handterer dei fleste typar kliniske studiar og veit kven ein skal kontakta av samarbeidspartnarar i klinikken. Slik optimaliserer Forskingsposten pasientløype i klinisk forsking.​

​​Dette kan Forskingsposten hj​elpe med i planleggingsfasen
• Råd til studieprotokoll
• Råd om eksterne/interne samarbeidsavtaler og registrering
​• Rutinar for handsaming i komité for personvernsvurdering i forsking HMR (DAC)
• Råd om registrering i ClinicalTrials, EudraCT og CTIS
• Råd om søknad til REK, REK KULMU, Direktoratet for medisinske produkter og Legemiddelforeningen (LAF)
• Medisinsk vurdering av studieprotokoll / tryggleik 
• Involvere statistikar og monitor
​Dette kan Forskingsposten hjelpe med i gjennomføringsfasen
​• Avtale / koordinere kontakt med avdeling for biokjemi, mikrobiologi, patologi, radiologi og apotek
​• Koordinere i lag med poliklinikkar i HMR
​• Koordinere pasientbesøk i og utanfor Forskingsposten
​• Gjennomføre pasientbesøka på Forskingsposten og i spesialiserte areal på sjukehusa
​• Taking, handtering og sending av biologisk materiale 
​• Registrering av biologisk materiale i databasen Biobyte ​
​• Nedfrysing av biologisk materiale
• ​Hjelp til bruk av eCRF og elektroniske spørjeskjema (eForsk)
​• Tilrettelegging for monitorering av kliniske studiar
​​​• Råd om arkivering av studiedokument og kjeldemateriale​​​​​​
Behandlingsareal

I behandlingsarealet er det inntil seks plassar (seng eller stol) med overvakingsutstyr, inkludert eit eige skjerma rom for behandlingar som krev meir ro og overvaking/observasjon.

Biobank-teneste i HMR

I Ålesund er det eit godt utrusta laboratorium for prøvetaking, -preanalytisk handtering. -lagring i frys og -sending. 

Vi kan fryselagre (-20°,-80° og -150° Celsius) og registrere biologisk materiale i databasen Biobyte. Vi har nitrogen transportmedium for biologisk materiale tatt utanfor Forskingsposten.

På dei andre sjukehusa er det utplassert fryser på -80° Celsius, dagleg drifta i samarbeid med avdeling for medisinsk biokjemi og biobank. ​

Møterom og arbeidsplass

​Vi har 2 mindre møterom med plass til 6-8 deltakarar, som kan kombinerast med digitalt møte vha. Microsoft Teams.​

I det eine arealet har vi også inntil 3 arbeidsplassar ("clean desk). Bruk av møterom/arbeidsplass etter avtale. Arbeid med kliniske studiar har prioritet.

Fellestelefon: 70 10 61 92 
Felles e-postadresse: kliniskforskingspost@helse-mr.no

Informasjon om tilsette finn du på kontaktsida til Seksjon for kliniske studiar.​

Oppstartsavgift bidrag-/forskar initiert studiar: ingen.
Oppstartsavgift oppdragsstudar: etter budsjett.  

Pristilbod vil elles verte utrekna etter førespurnad og legg m.a. til grunn timar av utført arbeid av studie-/koordinator/sjukepleiar/bioingeniør/radiograf og/eller lege.  

Meirverdiavgift (eksternt oppdrag), dekningsbidrag (indirekte kostnad/overhead) og den årlege indeksreguleringa vert lagt til. Dyre forbruksvarer vert fakturert etter kostpris.  

Forskingsposten ligg i underetasjen -U- i høgblokka i Ålesund sjukehus, inngang frå nord (poliklinikk inngang) eller sør (Hovudvestibyle). Følg den turkise stripa på vegg merka Klinisk forskingspost og du kjem fram til oss. Du kan parkere på plassar for pasientar/pårørande.​

Opningstid
Vanleg opningstid er klokka 8-16. Aktivitet utover dette tidsrommet etter avtale.​



Sist oppdatert 22.04.2024