Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon: Labtenester

Laboratorietenester

Vi tilbyr analysar innan medisinsk mikrobiologi, medisinsk biokjemi og patologi. I tillegg tilbyr avdelingane rådgiving og tolking av analysesvar.

Nytt frå laboratoria i klinikk for diagnostikk. Medisinsk biokjemi og blodbank, mikrobiologi og patologi.

Alle saker frå Bioposten finn du her.

​Ansvarlig redaktør

Avdelingssjef Brit Valaas Viddal, avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank.
brit.valaas.viddal@helse-mr.no

Ta gjerne kontakt med oss for spørsmål og innspel.

Laboratorie/- brukarhandboka gir ei oversikt over analysar vi gjer ved laboratoria i Helse Møre og Romsdal og ei rettleiing i korleis prøvene skal takast. Informasjonen er primært retta mot helsepersonell.

Brukarhandbok medisinsk biokjemi og blodbank

Brukarhandbok medisinsk mikrobiologi

Brukarhandbok patologi

 

Ny bestillingsportal er innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024

Bestillingsportalen finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no). 

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon, sjå kontaktinfo lenger nede.

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Til dømes ligg ikkje ein del spesialrør inne i den nye bestillingsløysninga, feks delvolumsrør (med kvit ring), desse kan sjølvsagt ved behov fortsatt fåast frå oss, i små kvanta, på vilkår av at prøvene vert rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal. Ta kontakt med Medisinsk biokjemi og blodbank ved ditt sjukehus på e-post eller telefon for å bestille.

Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Kontakt oss

Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund kr.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no 
Medisinsk biokjemi og blodbank Molde mo.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda vo.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no
Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund al.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no
Avdeling for medisinsk mikrobiologi mikromolde@helse-mr.no 
Avdeling for patologi patologialesund@helse-mr.no

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

HP Link for rekvirering av laboratorietenester 

Dei fleste legekontor i Helse Midt-Norge er no knytt opp til HP Link, ei webløysning som gjer det mogleg med elektronisk rekvirering frå primærhelsetenesta til alle sjukehuslaboratoria i Midt-Norge. 

Oppsett og bruk av HP Link er gratis, inkludert skrivarar og opplæring. Det er ingen kostnader eller bindingstid. 

Meir informasjon om HP-link finn du på HP-link sine eigne nettsider her.

Ta kontakt med kunderådgiver Laila Marie Haram eller avdelingssjef Brit Valaas Viddal om du er interessert i å ta i bruk HP-link. 

Nyheiter

Klinikksjef Per Erik Tødenes. ​

Medisinsk biokjemi og blodbank

Gir råd om, analyserer og tolkar dei laboratorieprøvene rekvirentane treng som beslutningsgrunnlag i forebyggande helsearbeid, diagnostisering og behandling av pasienten.
Les om våre tenester
Avdeling for medisinsk biokjemi

Medisinsk mikrobiologi

Påviser mikroorganismar som kan føre til sjukdom hos mennesker og den immunologiske responsen ved infeksjonssjukdomar.

Les om våre tenester
Agarmedie

Patologi

Undersøker og besvarer biopsiar og cytologiske prøver og utfører obduksjonar. Har ansvar for diagnostikk basert på undersøking av vev og celler.

Les om våre tenester
Et nærbilde av et mikroskopisk bilde
Sist oppdatert 25.04.2024