Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjonsbilde: Kristin Støylen

Legemiddelsamstemming

Helse Møre og Romsdal har sterkt fokus på legemiddelsamstemming som er eit av dei utvalde innsatsområda innan det nasjonale pasientstryggleiksprogrammet. Legemiddelsamstemming er ein metode der helsepersonell i samarbeid med pasienten skal sikre korrekt overføring av informasjon om pasientens legemiddelbruk.

Presentert av kvalitetssjef Vidar Hagerup

 
 

Ufullstendig informasjon om kva legemiddel pasienten brukar, kan vere eit problem for pasienttryggleiken ved innlegging på sjukehus. Legemiddelsamstemming er ein metode som kan redusere dette problemet og handlar om å finne ut kva legemiddel pasienten faktisk bruker. Samstundes er legemiddelsamstemming ein kompleks prosess som involverer fleire yrkesgrupper og avdelingar, og det har vist seg utfordrande å implementere prosessen på ein god måte i sjukehus.

I Helse Møre og Romsdal har det blitt gjennomført fleire prosjekt og studiar for definere prosessen for legemiddelsamtemming og skildre han i prosedyrar.

Kartleggingsstudie i 2011

I 2011 blei det gjennomført ei kartleggingsstudie ved medisinsk avdeling i Ålesund for å sjå på kvaliteten på legemiddelanamnesen ved innlegging, etter innføring av ein prosedyre for legemiddelanamnese og opplæring av legar og sjukepleiarar i akuttmottaket. Studien avdekte at nesten to tredelar av pasientane hadde manglande samsvar mellom legemiddellista på kurva og faktisk legemiddelbruk. For éin av fire pasientar var avviket klinisk relevant. Dette avveik frå forventningane ein hadde ved innføring av prosedyren.

Les meir om kartleggingsstudien her (farmatid.no)


Implementeringsprosjektet i 2012

I kirurgisk klinikk ved Ålesund sjukehus valde ein å innføre legemiddelsamstemmingsprosedyren på tre forskjellige sengepostar samtidig, og det blei gjennomført ein studie der i 2012. Delen pasientar med manglande samsvar mellom legemiddellista på kurva og faktisk legemiddelbruk blei redusert frå 53 til 25 prosent etter «implementeringsprosjektet». Samanfatta viste studien at det er mogleg å få ned talet på feil i legemiddellistene til pasientane ved innlegging dersom ein jobbar systematisk med å hente inn og dokumentere legemiddelinformasjon. Dette oppnådde ein ved å gi sjukepleiarar på sengepostane opplæring i og ansvar innanfor legemiddelsamstemming.

Les meir om implementeringsprosjektet her (sykepleien.no)


Intervjustudie i 2013

I 2013 ble ei intervjustudie ved Ålesund sjukehus gjennomført for å få innsikt i kva erfaringar legar og sjukepleiarar har med legemiddelsamstemming ved innlegging i sjukehus. Studien viste at legar og sjukepleiarar var samde om at legemiddelsamstemming er viktig for pasientane. Samtidig erfarte dei fleire utfordringar med upålitelege informasjonskjelder og mangelfulle rutinar. Dei fortalde om ein prosess med uklar ansvarsfordeling og manglande kommunikasjon og standardisering av oppgåvene.

Les meir om intervjustudien her (sykepleien.no)


Legemiddelsamstemming er ein del av legemiddelprosessen i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 03.10.2017