Samhandlingslegar
Samarbeidsordninga for spesialisthelsetenesta og fastlegane har som mål å styrke samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
Fastlege Ulstein kommune, leiar for samhandlingsordninga i Helse Møre og Romsdal
Nordre Sunnmøre
E-post: sofie.moller-christensen@helse-mr.no
Søre Sunnmøre
Romsdal
Fastlege Molde kommune, samhandlingslege
Nordmøre
Fastlege Kristiansund kommune, samhandlingslege
Helsetenester for barn og unge
Vi har ei ønska utvikling innan medisin der ny kunnskap og ny teknologi gjer at oppgåver no kan få ny behandlingsstad. Dette gjer at «rett oppgåve på rett stad til rett tid» i dag ofte skjer nærare heimen til pasienten enn for berre få år sidan.
Oppgåver vert flytta frå St. Olavs Hospital til sjukehusa i Møre og Romsdal og oppgåver vert flytta frå sjukehusa til kommunane. Det kan også vere nokre oppgåver som vert flytta frå helsevesenet til pasientane. Oftast vert oppgåvene flytta nedover i behandlingskjeda, men ny kunnskap kan gi moglegheiter til at oppgåver også kan flyttast oppover i systemet.
Vurdering
Nokre gonger kan ein som klinikkar eller leiar stille spørsmål om oppgåva vert gjort på feil stad eller til feil tid. Dersom ein finn ei oppgåve som ein meiner burde vore utført på eit anna behandlingsnivå anbefaler Helse Møre og Romsdal HF at ein nytter vurderingsskjemaet som Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) har utarbeidd. Dette er eit verktøy i analysen av om oppgåvene vert gjort på rett sted og kva som må til for at oppgåva kan verte flytta til ein annan behandlingsstad.
Vi anbefaler å sende forslag med utfylt skjema til leiar Stian Endresen i Faglig samarbeidsutval for behandlarsamarbeid. Slik kan ein sikre ei god vurdering og forankring blant behandlarar i Helse Møre og Romsdal HF, i kommunane og i brukarutval før ein eventuelt gjer ei flytting av oppgåver.
Møteplass Møre og Romsdal består av flere ulike tiltak som skal sikre samhandling og oppgåvefordeling mellom behandlarar på sjukehus, behandlarar i kommunane og pasientane for å få til mest mogleg utredning og behandling