Barn som pårørande - Føretakskoordinator
Helseføretaket har ein føretakskoordinator for born som er pårørande. Føretakskoordinator har eit overordna ansvar for å koordinere arbeidet i sitt helseføretak.

Kontaktinformasjon
Føretakskoordinator for barn som pårørande i Helse Møre og Romsdal:
Eirin Liadal
Kommunikasjons- og samhandlingsavdelinga
E-post: eirin.m.furseth.liadal@helse-mr.no
Telefon:  +47 48 28 16 03 
Kontorstad: Volda sjukehus (Kløvertun)
Føretakskoordinator barn som pårørande er overordna organisert i helseføretaket og rapporterer til leiinga.
Nokre av arbeidsoppgåvene til føretakskoordinator for barn som pårørande:
- Er bindeledd mellom leiing, barneansvarlege og helsepersonell
 - Skal koordinere, gi råd og tilrettelegge for barneansvarlig helsepersonell
 - Er rådgivar for arbeidet med barn som pårørende i verksemda
 - Leiar i ressursgruppa "Barn som pårørande" som består av representantar frå ulike faggrupper
 - Rapporterer jamnleg til styringsgruppe som består av klinikkleiinga
 - Organiserer samlingar (nettverksmøte) for barneansvarlege med undervisning og tilrettelegging
 - Utviklar oversikter over tiltak og hjelpeinstansar
 - Samhandlar med eksterne instanser, som kommunar og fylkesmann
 - Har ansvar for overordna prosedyre og innhald på nettsider vedrørande tema
 
Lenke til utfyllande informasjon om barn som pårørande i Helse Møre og Romsdal
Du kan også ta kontakt med aktuell avdeling dersom du har spørsmål som gjeld barn som pårørande. Spør etter barneansvarleg eller anna helsepersonell for å få meir informasjon.