Vi bruker informasjonskapsler (cookies)
Vi bruker informasjonskapsler for at nettsidene våre skal fungere.
Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Møre og Romsdal

Forskingssamarbeid om covid-19

Samarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta før og under pandemien. Kva lærdom kan spesialist- og kommunehelsetenesta ta med seg frå samhandling om covid-19 krisa?

Forsking og digital samhandling illustrasjon

Covid-19 pandemien har sidan mars 2020, sett verdssamfunnet, inklusive Noreg på svært utfordrande prøver. Her i landet har pandemien resultert i krisesamarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta. 

For å undersøke kva lærdom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta kan ta med seg frå samhandling i covid-19-krisa, er det etablert eit forskingssamarbeid mellom Helse Møre og Romsdal HF, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Brukarutvalet i Møre og Romsdal. 

Prosjektet skal undersøke samhandlingsmønstre på tvers av forvaltningsnivåa, med mål om å identifisere faktorar som hemmar og fremmar samhandling i eit før, under og etter perspektiv.

Tema ein ønskjer å undersøke særskilt er 1) Brukarmedverknad, 2) Styringsstruktur og 3) Krisesamarbeid. Bakgrunn for val av tema er at dei inngår som sentrale element i overordna føringar som ny Nasjonal helse- og sykehusplan og avtale om etablering av helsefellesskap. 
Evna til å samhandle lokalt – både forskingsmessig, administrativt og politisk - vil påverke evna til å operasjonalisere den nasjonale helsepolitikken. Funn og konklusjonar i prosjektet vil derfor vere viktige bidrag i det vidare arbeidet med å utvikle ei bærekraftig helseteneste for framtida.

Helse Midt-Norge RHF har som mål å styrke det strategiske forskingssamarbeidet mellom helseføretaka, høgskular, universitet, brukarorganisasjonar, kommunesektoren mfl. i regionen. Prosjektet vart tildelt regionale forskingsmidlar frå Samarbeidsorganet Helse Midt-Norge RHF​. 

Utgangspunktet for prosjektet er at Covid-19 har ført til endra samhandlingsmønster mellom spesialisthelsetenesta og kommunane i Møre og Romsdal. Prosjektgruppa skal kartlegge erfaringane med desse endringane og vurdere om nokon av endringane kan/bør vidareførast etter pandemien er over.​

Personer i prosjektgruppa covid-19

Medlemar av forskingsgruppa/ prosjektgruppa:

 
Namn ​Stilling ​​Eining
​​Berit Kvalsvik Teige ​Forskingsrådgivar, Dr.Phil. ​Fagavdelinga, HMR
​Lena Bjørge Waage ​Spesialrådgiver, Ph.D-stipendiat ​Samhandlingsseksjonen HMR/Høgskulen i Volda


​Roar Eilev Amdam ​Professor ​Høgskulen i Volda 
​Erlend Vik ​Førsteamanuensis Høgskolen i Molde
​Anne Strand Alfredsen Larsen  ​Prosjektleiar, Forsker, strategirådgiver,  HMR 25%
NTNU 75% fagavdelinga 
​Dag Arne Lihaug Hoff  ​Overlege, forskingssjef HMR, amanuensis, Ph.D. ​Fagavdelinga HMR/
NTNU (20%)
​Marit Kvangarsnes ​Professor ​NTNU/ fagavdelinga HMR (20%)
​Odd Jarle Veddeng ​Spesialrådgiver, Ph.D. ​Fagavdelinga HMR
​Alf Roger Djupvik ​Dosent ​Høgskulen i Volda
​Tonje Hungnes ​​Førsteamanuensis ​Høgskolen i Molde/ Møreforskning (10%)
​Elise Kvalsund Bårdsgjerde Førsteamanuensis ​NTNU, Ålesund
​Sølve Mikal Krekvik Nerland  ​Statsviter, ​Førsteamanuensis ​Høgskolen i Molde


Styringsgruppa består av:
  • Torstein Hole, MD/fagdirektør Helse Møre og Romsdal (HMR)
  • Stian Endresen, MD/leder PKO (Praksiskonsulentane i HMR), Ulstein kommune
  • Paula Næss Skår, leiar Brukarutvalet HMR
  • Renathe Rossi-Kaldhol, Herøy kommune, kommunalsjef
  • Kjetil Fylling, Sula kommune, kommunalsjef
  • Tanja Thalen, kommunalsjef helse og omsorg Molde kommune
  • Margrethe Svinvik, ordfører, Surnadal kommune
  • Anette Lekve, føretakstillitsvalt Norsk sykepleieforbund
  • Ann Kristin Sæther, hovudtillitsvalt Norsk sykepleieforbund, representant for Møre og Romsdal
  • Geir Sylte, daglig leder Helseinnovasjonssenteret Kristiansund
  • Eli Otterlei, Samhandlingssjef, HMR

Referansegruppa består av:

  • Bodil Landstad, professor Midt-universitetet, Sverige og forskingssjef Helse Nord-Trøndelag HF
  • Marit Kvangarsnes, professor NTNU og forskingsrådgivar HMR
  • Bardo Driller, MD/seksjonsoverlege HMR og Ph.D.-student NTNU
  • Yngve M. Seljeseth, MD, overlege geriatri, HMR
  • Cato Innerdal, kommuneoverlege, Molde kommune
  • Jon Magnussen, prodekan for utdanning/professor NTNU
  • Anne Sofie Furberg, professor, Høgskolen i Molde og Universitet Nord
  • Bjørn Buan, kommuneoverlege, Surnadal kommune
  • Olav Mestad, kommuneoverlege,  Ålesund kommune

Vara:

  • Jonas Vegsundvåg, Ålesund kommune
  • Randi Bergem, dekan, Høgskulen i Volda
  • Dag-Arne Lihaug Hoff, MD/seksjonsoverlege, førsteamanuensis NTNU, forskar og leiar Klinisk forskingspost HMR 

Forskargruppa:
Digitale Teamsmøter kvar tredje fredag, i tillegg til ei fysisk dagssamling per halvår.
Eventuelle dagsamlingar.

Styrings- og referansegruppe:
Møter nokre gongar årleg.

​Anne Strand Alfredsen Larsen, ​Prosjektleiar, Strategirådgivar/forsker.
Mobil: 92 06 21 54

Lena Bjørge Waage, spesialrådgivar HMR, Phd. stipendiat Høgskulen i Volda
Mobil: 95 48 21 96


Sist oppdatert 25.04.2024