Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre

Digital heimeoppfølging av kronisk sjuke

Prosjektet "Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre" er eit samhandlingsprosjekt mellom kommunane på Søre Sunnmøre og Volda sjukehus. Gjennom digital heimeoppfølging skal pasientar få støtte og verktøy slik at dei kan meistre eigen helsesituasjon og ha mindre behov for helsetenester.

Med prosjektet Måling og meistring - digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre, ynskjer kommunene på Søre Sunnmøre og Klinikk Volda sjukehus å auka samhandlinga kring kronisk sjuke pasientar. Tilbodet vert organisert ved Søre Sunnmøre legevakt. 

​Skildring av prosjektet

Digital heimeoppfølging av kronisk sjuke pasientar vil kunne gi verktøy som gjer at ein kan meistre sin eigen helsesituasjon betre og dermed ha mindre behov for helsetenester.

Formålet med prosjektet er å etablere heilskapleg tenestetilbod for målgruppa kronisk sjuke, slik at dei opplev tryggleik og samanheng i tenestene. Tilbodet skal også syte for tidleg oppdaging av forverra helsetilsand slik at tiltak kan bli inverksett på lågast teneleg nivå. 

Digital heimeoppfølging handlar om at pasientar med kroniske sjukdomar får digitalt måleutstyr i heimen der målingane vert sendt til ein sentral med helsepersonell som følger opp i forhold til pasienten sin individuelle behandlingsplan.

Les nyhendesak frå juni 2023 om prosjekt Digital heimeoppfølging her

Bakgrunnen for prosjektet er auka etterspørsel i tenestene etter løysingar for oppfølging av kronisk skuke og aukande behov for samordning av digitalt utstyr med tanke på opplæring og personvern.

Pasientar i prosjektet vil vere rekruttert av spesialisthelsetenesta og fastlegar i samarbeid med interkommunal legevakt og heimebasert omsorg i ulike kommunar i sjustjerne-nettverket på Sunnmøre.

I oppstarten vil prosjektet omfatte Volda sjukehus, Søre Sunnmøre legevakt, kommunene Ulstein, Ørsta og Volda med tilhøyrande fastlegekontor. Søre Sunnmøre legevakt er ein sentral aktør i prosjektet og et er her prosjektet vert leia. 

Presentasjon om Digital heimeoppfølging for klinikkråd i HMR (pdf)

Forankring

Prosjektet er forankra i Helsefellesskap Møre og Romsdal og er i tråd med strategien til Lokalt samarbeidsutval Volda 
Ein ønsker å vidareutvikle og skape ein felles plattform for den gode samhandlinga og innovasjonen ein har mellom Klinikk Volda og Sjustjerna - kommunane på Søre Sunnmøre.

Tidsramme

Oppstart prosjekt 2022. Oppstart pilotpasientar frå august 2023.

Ressurssbruk og finansiering

Prosjektet har fått finansiering gjennom tilskotsordninga Digital hjemmeoppfølging av kronisk syke frå Helsedirektoratet, som har mål om å få på plass eit digitalt heimeoppfølgingsprosjekt i kvart av Helsefellesskapa i landet.

Prosjekt Digital heimeoppfølging på Søre Sunnmøre

Prosjektgruppe digital heimeoppfølging

På oppstartssamling ved Helsedirektoratet. Frå venstre: Erlend Bae, seksjonsleiar legevakt. Karianne Sveen Orvik, koordinator velferdsteknologi. Mona Ryste, rådgjevar Volda sjukehus. Lisbeth Hoggen Totland, helsesjukepleiar legevakt og ass.prosjektleiar, Linda Nedrelid Vatne, prosjektleiar og sjukepleiar legevakt

Kontaktinformasjon

​Prosjektgruppe Digital heimeoppfølging


  • Søre Sunnmøre legevakt: Lisbeth Totland, helsesjukepleiar og ass. prosjektleiar
    E-post: Lisbeth.hoggen.totland@volda.kommune.no
  • Søre Sunnmøre legevakt: Erlend Bae, sjukepleiar
  • Volda sjukehus: Palma Hånes, klinikksjef og Mona Ryste, rådgjevar
  • Sjustjerna VFT: Hildegunn Utgård, fysioterapeut, prosjektleiar Velferdsteknologi (VFT)
  • Ulstein: Marlen Kristensen, sjukepleiar, prosjektleiar DHO og VFT
  • Volda: Karianne Sveen Orvik, ergoterapeut, koordinator VFT
  • Ørsta: Marte Vaage Øie, kommuneoverlege​





Sist oppdatert 27.06.2023