Informasjonstelefon for ReHabilitering
Informasjonstelefonen for ReHabilitering er ei landsdekkande teneste som gir informasjon om rehabiliterings- og habiliteringstenester.
Telefon 800 30 061 , måndag - fredag kl 09:00 - 15:00.
Her kan du som pasient, pårørande eller helsepersonell mellom anna få råd og rettleiing om:
- Rehabilitering- og habiliteringstilbod i helseføretak, kommunar og private rehabiliteringsinstitusjonar
- Tilvisingar frå fastlegar til private rehabiliteringsinstitusjonar
- Koordinerande einingar i spesialisthelsetenesta og i kommunane
- Individuell plan og koordinator
- Pasient- og brukerrettar knytt til rehabiliterings- og habiliteringstilbod
Telefontenesta er betent av helsepersonell. Den er områdestyrt, slik at du kjem til den regionale koordinerande eininga i den regionen du ringer frå.
Sist oppdatert 28.01.2022