Helsedirektoratet har innført omgrepet pakkeforløp, som er nasjonalt bestemte og beskrivne standardforløp for undersøkingar og behandlingar for bestemte diagnosar, med faste forløpstider. Målet er å bidra til rask utgreiing og behandlingsstart utan unødvendig ventetid.
Informasjon frå Helse Møre og Romsdal om pasient- og pakkeforløp
Helse Møre og Romsdal har sterkt fokus på standardisering av pasient- og pakkeforløp for å sikre forutsigbarheit og tryggleik for pasientar og pårørande. Pasientane skal sikrast informasjon og brukermedverknad. Pasientforløpa er utarbeida for fagpersonell, men er opne for alle. I oversikta under finn du godkjende pasientforløp med relevante prosedyrar som er forankra i nasjonale rettleiarar og regionalt standardiserte pasientforløp.
-
Forløpskoordinator
Forløpskoordinatoren kan kontaktast av både pasientar og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med booking av timar og anna, i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Kommunene har også forløpskoordinatorer. Ta kontakt med di kommune ved spørsmål om dette.