Palliativ plan
Det å ha ein palliativ plan kan vere med å skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.
Ulike filmar som omhandlar forhåndssamtaler og palliativ plan. Filmane kan nyttast både i internundervisning og for pasientar og pårørande.
Her følgjer vi Hans som har lungekreft. Han har palliativ plan over fleire år og filmen viser prosessen med palliativ plan (35:26 min).
Filmen vil også kome i mindre snuttar i eit E-læringsprogram. Filmen er fin å bruke til internundervsining.
Forhåndsamtaler og palliativ plan for menneske med demenssjukdom. Her følger vi Per med demenssjukdom (8:40).
Intervju med prosjektleiar for Palliativ Plan i Møre og Romsdal, Tanja Alme, om bruk av palliativ plan ved demens. Kva er egentlig ein palliativ plan? Kvifor er det nyttig? Kven bør involverast og korleis kjem ein i gong? (9:22).