Tilvising
Tilvisingar, altså henvisingar, både frå fastlege, avtalespesialist og kommune (sjukeheim), skal sendast elektronisk via journalsystemet.
Sjukehusa har korte fristar for å vurdere tilvisingar og svare pasienten med tid for behandling. Med elektronisk tilvising unngår vi tida for vanleg postgang, og vi reduserer samtidig risikoen for å gjere feil.
For enkelte behandlingar er det lagt ut sjekkliste for kva ein må ha med i tilvisinga. Denne informasjonen er knytt til behandlingsinformasjon på våre nettsider.
Informasjon om tilvising til pasient og pårørandeopplæring, td. kurs eller gruppetilbod finn ein under kvart enkelt tilbod i kurskatalogen til Helse Møre og Romsdal
Du kan finne informasjon om avtalespesialistar og ventetider på denne sida