Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i anestesiologi i Helse Møre og Romsdal
Helse Møre og Romsdal har eit formelt opptaksområde på over 260.000. Det er i tillegg ein del pasienttilførsel frå Sogn og Fjordane til sjukehusa på Sunnmøre. Opptaksområda til dei fire sjukehusa varierar avhengig av fagområde. I Møre og Romsdal skjer utdanning innanfor spesialiteten anestesiologi på alle fire sjukehusa i føretaket. Dei fire sjukehusa er organisert med tre somatiske klinikkar; klinikk Ålesund sjukehus, klinikk Volda sjukehus og klinikk SNR som er en felles somatisk klinikk for sjukehusa i Molde og Kristiansund. Det er eigne seksjonar med seksjonsleiar for anestesilegane på sjukehusa i Volda og Ålesund. Frå 01.05.22 er seksjonane for anestesilegar i Molde og Kristiansund slått saman til ein seksjon med felles leiar - seksjon anestesilegar SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal).
Utdanninga av LIS er hovudsakleg organisert med eige opplegg ved kvart av dei fire sjukehusa ut i frå drift på det enkelte sjukehus. Det betyr at ein kan få godkjend flest læringsmål ved sjukehusa i Ålesund og Molde, nokre færre i Volda og Kristiansund. For å unngå at den enkelte LIS må flytte fleire gonger i løpet av spesialiseringa, har vi lagt opp til at ein får moglegheit til å ha ei lengre periode sentralt for å oppnå resterande læringsmål for LIS i Volda og Kristiansund. Det har tidlegare vore eit formalisert samarbeid mellom seksjonane i Kristiansund og Molde for at LIS frå Kristiansund skulle få erfaring med anestesi til generell kirurgi og ØNH. Det har vore lagt opp til at LIS som byrjar i Kristiansund, etter om lag 12-18 månaders teneste der, kunne få fortsette som LIS i Molde for å oppnå dei læringsmåla som er forventa før spesialiseringsperioden ved eit universitetssjukehus. Klinikk SNR vil framleis ha LIS anestesiologi på sjukehusa både i Molde og Kristiansund fram til det blir nytt felles sjukehus på Hjelset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Dette gjer at det framleis vil vere ulike utdanningsløp for LIS som er tilsett i Kristiansund og dei som er tilsett i Molde.
Ved alle fire sjukehus får LIS teoretisk og praktisk klinisk erfaring med alle fire søyler i anestesiologien; anestesi, akuttmedisin, intensivmedisin og smertebehandling. Ålesund sjukehus har eigen tverrfagleg smerteklinikk med rotasjon for LIS. Alle fire sjukehusa har intensivseksjon der anestesilegane har medisinskfagleg ansvar. Ved desse seksjonane vert alle pasientar som treng meir overvaking og behandling enn ein kan gi på vanleg sengepost, overvaka og tatt hand om. Dette gjeld til dømes pasientar som treng invasiv overvaking og ulike former for ventilasjonsstøtte, både med og utan tube. Dei tyngste intensivpasientane er funksjonsfordelt til sjukehusa i Ålesund og Molde der det og finst tilbod med nyreerstattande behandling på intensivseksjonane.