Offentleg utdanningsplan
Spesialisering i anestesiologi ved Molde sjukehus
Molde sjukehus er eit middels stort sjukehus med eit pasientgrunnlag på
om lag 70.000 innbyggjarar og har i hovudsak lokalsjukehusfunksjon for
kommunane i Romsdal. Innan dei kirurgiske fagområda har sjukehuset
lokalsjukehusfunksjon for generell-, og gastrokirurgi for kommunane på
Nordmøre. For plastikkirurgi gjeld dette for heile Møre og Romsdal
Våre legar yter anestesiservice til pasientar innan dei kirurgiske fagområda
generell-, plastikk-, gastro,- og urokirurgi, ortopedi, auge, øre-nase-hals,
tann-kjeve, gynekolog, obstetrikk og føde/barsel. Fødeavdelinga hadde i
2021 ca 680 fødslar.
Molde sjukehus er traumesjukehus og tek imot traumepasientar frå
Nordmøre og Romsdal. Molde sjukehus er og godkjend som
donorsjukehus.
I 2021 hadde vi om lag 4500 anestesier, der om lag 2800 var generelle
anestesiar, 1400 regionale anestesiar og om lag 280 fødeepiduralar. Dei
resterande er ulike perifere blokadar og sedasjon.
Molde sjukehus har intensivseksjon som vert leia av anestesiolog med
spesialkompetanse i intensivmedisin (EDIC). Dette er ein kombinert
postoperativ- og generell intensiv/overvakingsseksjon med totalt 14 senger
som gjev behandling til alle pasientar på sjukehuset som treng overvaking
og behandling ut over det ein kan gje på vanleg sengepost. Nevrologisk
avdeling tek hand om alle nevrologiske pasientar i Møre og Romsdal som
har behov for innlegging. Dette gjer at vi tek hand om ein del pasientar med
akutte og kroniske nevrologiske tilstandar som treng intensivmedisinsk
kompetanse.
I 2021 hadde intensivseksjonen ca 1400 intensivdøgn (registrert til Norsk
Intensivregister) fordelt på 345 pasienter og 335 respiratordøgn fordelt på
63 pasienter. NIV pasientar kjem i tillegg, det same gjer innlagte pasientar
til postoperativ overvakning.
Sjukehuset har godt fungerande teamarbeid i samband med traumer,
hjertestans, dårlege medisinske pasientar og akutt sjuke intrahospitale
pasientar. Anestesilege har ansvar for resuscitering av dårlege nyfødde i
konferanse med neonatolog i Ålesund.
I seksjon for anestesilegar i Molde har vi totalt 9 overlege- og 5 LIS-stillingar som går i eit tosjikta 6-delt vaktsystem. Vaktdøgnet er todelt.
LIS starter nattevakta på ettermiddagen og har tilstadevakt til neste
morgon. Bakvakt har heimevakt på natta. Vi har for tida god
spesialistdekning. To av spesialistane våre jobbar 50% i palliativt team og
to spesialister jobbar 50 % i helikoptertenesta ved Ørlandet. Alle desse fire
legane har sine resterande 50 %-stillingar i vår seksjon.
Som LIS i Molde kan du rekne med å kunne få godkjend dei aktuelle
læringsmåla vi har tilbod om i løpet av om lag 3-3,5 års teneste.
Vi har avtale om 6 månaders teneste ved medisinsk avdeling i Molde for
oppnåing av ein del læringsmål som grensar til indremedisin (LM 011-015
og 017-021), om ein ikkje har slik teneste frå før.
I operasjonsavdelinga får LIS god erfaring med anestesi til kirurgi
(generell-,gastro-,uro-, og plastikk- kirurgi) samt til gynekologiske pasientar og fødande. I tillegg har vi godt med ortopedisk verksemd. Her er stor aktivitet innan auge/ØNH-/tann-og kjevespesialitetane, og her får LIS god trening med anestesi til barn og pasientar med særlege utfordringar (ulike syndrom og liknande). LIS kan såleis få oppfylt ein del av prosedyrelistene som gjeld anestesi til barn mellom 0-3 år (LM 075) og barn over 3 år (LM 076).
Vi yter og anestesiservice til psykiatrisk avdeling i forbindelse med ECTbehandling, medisinsk avdeling ved elektrokonverteringar og endoskopiske undersøkjingar, samt til radiologisk avdeling ved ulike undersøkjingar som CT, MR og ulike intervensjonsradiologiske prosedyrer.
Fødeavdelinga hadde i 2021 omlag 680 fødslar så det blir rikeleg trening
med fødeepiduralar og sectio. LIS anestesi har i samarbeid med
anestesiologar ansvar for resuscitering av dårlege nyfødde i konferanse
med neonatolog i Ålesund.
LIS får etter 1-2 års teneste 3 månaders rotasjon til intensiv. På intensiv får dei god erfaring med pasientar som treng ulike typar av ventilasjonsstøtte, både respiratorpasientar og NIV-pasientar (maskebehandling og high flow). I tillegg vil LIS få noko erfaring med percutan tracheotomi og nyreerstattande behandling. På intensiv seksjonen er det breidt tverrfagleg samarbeid om pasientane mellom anestesilegar, legar frå avdelinga pasienten høyrer til, infeksjonsmedisinerar og anna støttepersonell som
fysioterapeuter, ernæringsfysiolog og logoped. Molde sjukehus er og
godkjend som donorsjukehus.
Det er samarbeidsavtale med palliativt team og nevrologisk avdeling for
erfaring med, og oppnåing av ein del av læringsmåla innan
smertebehandling til pasientar med maligne og kroniske ikkje-maligne
smerter.
Spesialiseringsperioda er i utgangspunktet 21 månader, og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim og Oslo
Universitetssjukehus.
Ved oppstart går ein gjennom ein del praktiske moment, som tildeling av
passord, tilgjengelege dataprogram, garderobe og kontorplass.
Nye LIS har ei innføringsperiode på 4 månadar før ein er klar til å starte i
vakt. Den første veka vert det sett av nokre dagar til å gjere seg kjend med
avdelinga og diverse prosedyrer. LIS får læringsmålsplan i
Kompetanseportalen med læringsmål i anestesiologi og felles
kompetansemål (FKM). LIS får rettleiar i løpet av dei første 14 dagane. LIS
og rettleiar lagar i fellesskap ein individuell utdanningsplan som skal
oppdaterast ein gong i halvåret. Etter det vil vi dei første vekene fokusere
på trening med å halde frie luftvegar ved maskeventilasjon og seinare
sikring av luftvegar ved intubasjon ved generell anestesi. Etter kvart vert
LIS introdusert for ulike typer av regionalanestesi som spinal, epidural, ulike plexus brachialis blokader og seinare meir perifere blokader. Dei første vekene har LIS 1 lang dag pr veke til kl 22 saman med vakthavande LIS, og får gjennom dette introduksjon til vaktarbeid.
Vi har valgt å la nye LIS jobbe berre dagtid dei første 4 månadane. Dette
har vist seg å gi moglegheit for meir mengdetrening innanfor dei ulike
områda av vår verksemd, enn om ein byrjar med vaktteneste med ein gong. Ved oppstart vil LIS få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av medisinskteknisk utstyr som er aktuelt. Det er eigen opplæringsplan for MTU i Kompetanseportalen.
Det er utarbeida ei sjekkliste mht prosedyrer som LIS må kunne før dei får
starte i vaktteneste. Det vert gjort ei vurdering mellom LIS, rettleiar og
seksjonsoverlege når tida nærmar seg, om tilstrekkeleg vaktkompetanse er oppnådd. I tilfelle der det er tvil om dette, vil LIS få ei utvida periode med opptrening før ein byrjar i vaktteneste. Det vil da bli lagt vekt på at aktuelle LIS får meir mengdetrening på dei prosedyrene der det manglar
kompetanse før det bli gjort ny vurdering om ein er vaktklar.
Vi har 90 minutt internundervisning kvar veke. Det blir sett opp ein plan
for internundevisning kvart halvår. Ansvaret for interundervisninga går på
omgang mellom LIS og overlegar. Vi prøver å gå gjennom dei viktigaste
tema innan spesialiteten sine 4 søyler i løpet av 2-3 år, både med omsyn til basistema og referat frå nyare artiklar og forsking. Internundervisninga vert knytt opp til læringsmål. Til saman utgjer internundervisning minimum 70 timar per år.
I tillegg er det tilbod om intensivkollokviar med gjennomgang av
inneliggande intensivpasientar eit par gongar i månaden. Desse leiast av
seksjonsoverlegen på intensiv.
Når det er nye LIS får desse eiga internundervisning med gjennomgang av
dei vanlegaste formene for generell anestesi og medikamenta som nyttast. Ei tilsvarande oversikt vert gjeven over dei ulike typer regionale og perifere blokader med tilhøyrande medikament. Ein gjev og ei oversikt og
gjennomgang av dei mest aktuelle tilstandane og behandlingstiltak innafor intensivmedisin. Dette for at LIS lettare skal få ei enkel oversikt over faget i starten på utdanninga. Dersom det er mogleg deltek fleire av dei meir erfarne LIS på desse undervisningane for at dei kan peike på ting som dei synes er særs viktige for LIS å være kjend med.
Seksjonen har fagdagar to gonger i halvåret der det er både teoretisk og
praktisk gjennomgang av aktuelle tema, gjerne i samarbeid med
samarbeidande spesialitetar. Det er jamleg trening på mottak av
traumepasientar etter BEST-prinsippet og AHLR. Vi prøver å få til
gjennomgang av prosedyre for handtering av vanskelege luftvegar med
trening av nødtracheotomi på kadaverhalser ein gong i året.
Det er felles undervisning for alle legar på sjukehuset kvar fredag frå
08-0830.
Alle LIS får fri til å dra på kurs så sant dei får plass.
Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, kritiske
obstetriske situasjonar, hjertestans, mottak av kritisk sjuk medisinsk pasient og traumemottak etter BEST-prinsippet. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Også trening på akutte obstetriske situasjonar. I tillegg har vi prøvd å få til praktisk trening på nødtracheotomi på kadaverhalser om lag ein gong i året. Vi prøver på at LIS får tilbod om å være med på alle
tracheotomiar på intensiv, slik at vi får utnytta det læringspotensialet vi har i avdelinga med tanke på slike prosedyrar. LIS deltek og i teamtrening på mottak av intensivpasientar med ulike problemstillingar. Slik får LIS jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å jobbe med sine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.
Anestesilegeseksjonen i Molde er relativt liten og oversiktleg. I det daglege
arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innfor alle delar av faget.
Rettleiar blir tildelt ved oppstart. Det blir sett av tid kvar månad til
rettleiingssamtalar, og det er også enkelt å gripe fatt i rettleiaren utanom
desse møta dersom ein ønsker det.
For å sikre fagleg utvikling av spesialistar er det laga ei plan for
etterutdanning. Dette skal sikre at spesialistane våre kjem seg på kurs,
hospitering og kongressar. På denne måten held dei seg fagleg oppdaterte og kan vidareformidle ny kunnskap til resten av seksjonen.
Seksjon for anestesilegar i Molde har ein lege med PhD og har ein lege
som for tida har forskningstipend til PhD. I tillegg er det to legar som har
EDIC 1, ein lege som har gjennomgått utdanningsprogrammet SSAIIntensive Care, og ein lege som har tatt utdanningsprogrammet SSAICritical Emergency Medicine. 2 legar har også gjennomført nordisk
vidareutdanningsprogram i palliativ medisin. Helse Møre og Romsdal har ei stor fagavdeling med rikeleg forskningskompetanse og i relasjon til ny
spesialiststruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir
forskingsarbeid ved seksjonen vår. LIS kan til dømes engasjerast i små
prosjekt som forbedringsarbeid rundt ulike pasientforløp/prosedyrar.
Utdanningsutvalet består av både overlegar og LIS-legar. Seksjonsleiar
oppnemner utvalet som vert leia av utdanningsansvarleg overlege, (UAO).
Utdanningsutvalet har kvartalsvise møter og 1-2 gonger i året deltek
seksjonsleiar på møta. Det vert skreve referat frå møta. LIS i
utdanningsutvalet har ansvar for å sette opp plan for internundervisning.
Både LIS og overlegar deltek i internundervisninga på lik linje. I samarbeid
med seksjonsleiar ser utdanningsutvalet til at ulike LIS-legar blir prioritert til dei rotasjonar eller aktivitetsområder dei har behov for, etter tur.
Utdanningsutvalet har og ansvar for å arrangere fagdagane som er to
gonger i halvåret.
Utdanningsutvalet har oversikt og bidreg til at ulike LIS får permisjon til å
gjennomføre dei nasjonale/anbefalte kursa etter naturleg progresjon.
Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå.
Seksjonsleiar og anestesilege Per Johan Lans, tlf 71 12 00 00
For utfyllande spørsmål om læringsmål, kontakt utdanningsansvarleg overlege, Hildegunn Fagerli, tlf 71 12 00 00
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.
Sist oppdatert 02.05.2023