Spesialisering i augesjukdommar ved Ålesund sjukehus
Du får gjennomført det meste av spesialistutdanning ved sjukehuset. Det er nokre læringsmål vi ikkje tilbyr opplæring i ved våre sjukehus og dette må du derfor til universitetssjukehus for å gjere. Dette gjeld mellom anna tema knytt til kirurgisk behandling av netthinnesjukdommar og kornea, men også spredte læringsmål innen andre deler av oftalmologien. Spesialiseringsperioden ved universitetssjukehus er på 18 månader og vi har avtale om samarbeid med St. Olavs hopsital i Trondheim og Oslo universitetssjukehus for slik teneste.
I starten får du ei omvisning i avdelinga og innføring i rutiner, jounalsystemet og dei datasytema vi nyttar. Etter kvart starter du opp med eigne pasienter. Mengden vil avhenge av tidlegare erfaring. Dersom du ikkje har auge-erfaring fra før, vil det bli sett av god tid til å følge andre legar i poliklinikken, før du etter kvart, i løpet av dei første vekene, får ei gradvis auke i antal eigne pasientar. Pasientmengde blir til ei kvar tid tilpassa LIS legen sin kompetanse og erfaring. Du har ikkje vakt den første veka, men deretter deltek du i vanleg vakt. Vi forventar utstrakt bruk av bakvakt den første tida, særleg dersom du er fersk i faget.
Vi har internundervisning to dagar i veka. Mandager er det videoundervisning med St. Olav og dei andre augeavdelingane i regionen. Onsdagar har vi tradisjonell internundervisning sjølve. Begge dagar varer undervisninga i 45 minutt. Utdanningsutvalet set opp halvårlig program for internundervisning som tek utgangspunkt i obligatorisk kurs for spesialistutdanninga som skal avviklast det gjeldende halvår. På den måten sikrar vi at alle områda av faget blir belyst i løpet av ei normal spesialiseringstid, i tillegg til at undervisninga fungerer som førebuing til kurs. Både LIS og overlege deltek aktivt med bidrag til internundervisninga. Dette kan vere vanleg forelesning, artikkelgjennomgang, kasuistikkgjennomgang, prosedyrer eller innlegg frå eksterne aktørar som til dømes Blindeforbundet og hjelpemiddelsentralen.
Kvar haust har vi fagdag for alle tilsette med faglege innlegg som ein del av programmet.
Det er felles internundervisning for heile sjukehuset ein time kvar første fredag i månaden. Avdelingane bytter på å halde innlegg på denne undervisninga.
Hovedarena for ferdighetstrening for LIS er i den daglege aktiviteten ved poliklinikken, inkludert vaktarbeid. Vi har variert og god pasienttilgang som gir deg gode høve til å få erfaring med både dei vanlegaste og meir sjeldne augesjukdommane. Ved supervisjon og eigeninnsats kan du trene opp ferdigheter når det gjeld ulike varianter av undersøkelsesteknikk, ulike former for laserbehandling, intravitreale injeksjonsbehandling, samt småkirurgiske inngrep som blir gjort i poliklinikken. Etter kvart får du og opplæring i dagkirurgiske inngrep, i hovudsak innan okuloplastikk. Avhengig av interesse, kapasitet og behov, kan ytterlegare kirurgisk opplæring bli aktuelt mot slutten av spesialiseringa. Du vil elles få tilgang til å assistere på inngrep i henhold til aktuelle læringsmål. I enkelttilfeller innvilger vi og deltaking på kurs med innslag av wet lab.
Veiledning
Du får tildelt rettleiar når du startar. Det blir sett av tid til rettleiing ein time kvar månad i timeboka slik du og rettleiar blir einige om.
Fagleg fordjupning
Det er sett av 4 timar til fagleg fordjupning kvar veke. Vi har eit eige avdelingsbibliotek som kan nyttast. Du har og tilgang til ei rekke større internasjonale oftalmologiske tidsskrift som elektronisk abonnement via Helsebiblioteket. Her har du og tilgang til UpToDate. Sjukehuset har lisens til Clinical Key der du har tilgang til fleire titalls e-bøker innenfor oftalmologi. Gjennom barneavdelinga har du tilgang til London Dysmorphology Database.
Augeavdelinga er for tida inkludert i eit forskningsprosjekt i regi av St Olavs hospital, med rekruttering av pasienter til ein studie knytta til behandling og oppfølgingsstrategiar ved våt AMD.
Foretaket har ei eiga forskingsavdeling som er tverrgåande i foretaket med aktivitet ved alle fire sjukehusa, og frå forskingsavdelinga får ein både hjelp og rettleiing i samband med forskingsprosjekt.
For å dekke læringsmål knytt til forsking og kunnskapshandtering i felles kompetansemål er det sett opp kurs over 2,5 dagar med undervisning i tema innan både forsking og forbetringsarbeid og i samband med dette vil du som LIS også gjennomføre eit forbetringsprosjekt lokalt. Det er tilsette i forskingsavdelinga og seksjon for helsetenesteutvikling som deltek i undervisninga ved desse interne kursa.
Utdanningsutvalet utgjerast av ein spesialist og ein LIS, og har mellom anna ansvar for å planlegge den teoretiske opplæringa i avdelinga. LIS-lege får kome med innspel til oppsett av internundervisninga. Utdanningsutvalet har ansvar for å føre oversikt over deltakelse ved undervisning og følge opp dette.
Det er eigen YLF-tillitsvalt for våre LIS. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.