Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spesialisering i barne- og ungdomspsykiatri ved Volda sjukehus

Poliklinikken i Volda er lokalisert i eige bygg rett ved sjukehuset i Volda og gir eit tverrfagleg tilbod til barn og ungdom under 18 år tilvist for utgreiing og behandling av psykiske vanskar frå kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.  Poliklinikken er inndelt i tre geografiske team (Team 0-9 år (inkl småbarnsteam), Team-Sør og Team-Nord). I tillegg er det etablert akutt ambulant team, spiseteam, familieteam, traumeteam, samt at det er etablert OCD-team på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Poliklinikken gir Cool-Kids-individual og gruppetilbod for barn/unge med angstproblematikk, samt MBT psykoedukativ-/terapigruppe for ungdom med ustabil personlegdomsfungering.  Legar og psykologar rullerer inn i vekentleg akutt-turnus i akuttambulantteam. 

Poliklinikken har 2 overlegestillingar og 2 LIS stillingar.



Spesialistutdanning i BUP har krav om tjeneste i BUP poliklinikk, BUP sengepost, voksenpsykiatrisk avdeling og barnemedisinsk avdeling. Det har tradisjonelt vore satt opp plan for tjeneste i eigne seksjonar i eit samarbeid mellom avdelingsleiar, utdanningsutvalg og den enkelte LIS. Tjeneste ved voksenpsykiatrisk avdeling jobber vi med å få ein meir formell plan som er felles for heile avdelinga. Per i dag har dette variert noko på dei ulike sjukehusa, nokre LIS har ordna dette på eigen hand medan andre har fått avtalar om tjeneste gjennom avdelingsleiinga. Det foreligger en god plan for rullering ved Barne- og ungdomsavdelingen.

LIS startar som regel utdanningsløpet i poliklinikken. Det vil vere ein naturlig progresjon i forhold til læringsaktiviteter og læringsmål i dei ulike delane av spesialistløpet, noko det i den halvårlege LIS-evalueringa vert utforma plan for.

Poliklinikktenesta skal omfatte minimum 24 mnd. teneste (tilrådd 36 mnd.) med vekt på gjennomføring av aktuelle læringsaktiviteter slik desse framgår av Kompetanseportalen. 

12 mnd. teneste ved vaksenpsykiatrisk avdeling kan verte gjennomført når som helst i utdanningsløpet, men, om mogeleg er det tilrådd å gjennomføre tenesta samla. Det ligg godt til rette for å få gjennomført voksenpsykiatrisk teneste ved Volda DPS. På det jamne vert det jobba med å få på plass gode avtalar, noko vi erfaringsmessig har fått til for dei fleste LIS. 

Gjennom spesialistutdanninga er det krav om 12 mnd. teneste på sengepost. For dei fleste LIS-tilsette i Volda vert dette gjennomført ved Ungdomspsykiatrisk døgnpost med akutt- og utgreiingseining (UPD) ved Ålesund sjukehus.. Om ynskjeleg vil det vere mogeleg å gjennomføre inntil 6 mnd. av tenesta i sengepost knytta til Familieeininga i Molde. 

4-6 mnd. tjeneste på barnemedisinsk avdeling kan gjennomføres ved Ålesund sjukehus. Tjenesten bør fortrinnsvis gjennomføres sent i utdanningsløpet og bør gjennomføres samla. Det er avtale om rotasjon til barneavdeling etter eigen plan, der både tid igjen til ferdig spesialist og eigne ønsker har hatt betydning for når i utdanningsløpet tjenesten er planlagt.


Nye LIS i vår avdeling vert tildelt veileder frå første dag. Veileder og LIS vil i samråd med seksjonsleiar på den aktuelle seksjonen legge ein plan for den første tilsetjingsperioda med vekt på opplæring. Vi legg opp til at ein i starten er mykje ilag med meir erfarne kolleger på varierte pasientkontakter. Avdelinga set jevnlig opp kurs i spesifikke tema som akutt og sucidalvurdering for nytilsette. LIS deltek i obligatorisk undervisning og vert fort introdusert for øvrige leger i avdelinga. I løpet av dei første månader vil ein gradvis få meir sjølvstendig ansvar for pasientforløp og vurderinger, med kontinuerlig veiledning og supervisjon. ​

Vi har regionalt samarbeid om internundervisning for LIS med ein 3-årig rullerande undervisningsplan som skal dekke aktuelle læringsaktivitetar i dei ulike læringsmål slik det framgår av kompetanseportalen. Det er krav om 80 % frammøte på internundervisning. 

Den legespesifikke undervisninga foregår på tre plan som til saman dekker krav om minimum 70 timer undervisning per år: 
  • ​Felles internundervisning for alle LIS skjer i møte både på Teams og fysisk samla. Undervisningsplan for komande termin blir presentert i god tid. 
  • Ferdigheitstrening (F-lab) felles for alle LIS i avdelinga 4 ganger årleg. 
  • Regionale 2-dagers undervisningssamlingar for LIS i BUP Helse Midt-Norge  3 ganger årleg (2 av desse fast i Trondheim, ei samling på våren som rullerer mellom Ålesund, Molde og Levanger). 

Ferdighetstrening foregår felles i heile avdelinga som F-lab der alle LIS møtes i Molde eller Ålesund ilag med minst ein overlege frå utdanningsutvalget. Dette er heildagssamlinger der vi øver på ferdigheter som t.d. leikeobservasjon, semistrukturerte diagnostiske intervju, nevromotorisk undersøkelse eller bruk av konkrete utgreiingsverktøy. ​

LIS vil dele ansvar for pasientoppfølging med meir erfaren LIS, overlege eller andre erfarne kolleger. Vi legg opp til gradvis meir sjølvstendig pasientansvar utover i spesialistløpet. LIS vil vere del av tverrfagleg team med spesialist tilstades. Vi tilstreber at veileder og utdanningskandidat er på samme team. Vi vil i større grad enn tidligare legge opp til felles pasientkonsultasjonar med LIS og rettleiar for å bidra til meir mester-svenn læring. Ferdigehetstrening gjennom "F-lab" med LIS og overlegar som tidlegare, fokus då på trening av spesifikke ferdigheter.

Alle LIS får tildelt rettleiar frå start, rettleiar er overlege i eigen avdeling og i dei tilfelle vi får det til vil rettleiar vere på same team som aktuelle LIS. Det blir lagt opp til fast individuell rettleiing med spesialist/overlege 1 time/veke, som kjem i tillegg til psykoterapirettleiing. Noko av rettleiinga (inntil 1/3) kan bli gitt i gruppe. Vurderingar vil dels vere gjennom direkte observert pasientbehandling, dels gjennom rettleiing og dels gjennom rettleiingskollegium som vil ha form som tidlegare halvårsevalueringar med seksjonsleiar, rettleiar, utdanningsansvarleg overlege og LIS. I dei tilfelle det er vurdert hensiktsmessig vil teamkoordinator også ta del i halvårsevaluering.   

Andre erfarne kolleger, også frå andre faggrupper, vil bidra med supervisjon i utdanninga. Tverrfagleg arbeid er viktig i vårt fagfelt og LIS vil få erfaring med samarbeid på tvers av faggrupper frå starten i vår avdeling. 





I psykisk helsevern for barn og unge har vi i vår region valgt å knytte godkjenning av læringsmål opp mot halvårsevalueringer. Vi gjennomfører slike evalueringer to ganger i året der faste deltakere er LIS, rettleiar, representant fra utdanningsutvalget og seksjonsleiar. Når det er relevant vil også fleire vere tilstade, t.d. andre supervisører, biveileder/psykoterapiveileder eller teamkoordinator. Utdanningsutvalget lager ein plan for slike halvårlege evalueringsmøte med alle LIS i avdelinga. 

Avdelinga er involvert i fleire forskningsprosjekter og har fleire fagpersoner i aktive forskerstillinger. Vi deltek mellom anna i BUP-gen studien og behandlingsstudie med 4-dagers behandling ved tvang- og angstlidelser. Det er gode muligheiter for å få innsikt i forskningsarbeid gjennom t.d. å bruke fordjupningstid inn i dei aktuelle prosjekta. 

I avdeling psykisk helsevern for barn og unge har vi eit felles utdanningsutval. Leiar i utdanningsutvalet har også ansvar som utdanningskoordinerande lege og er avdelinga sin representant i regionalt rotasjonsråd. Utdanningsutvalget består i hovedregel av ein utdanningsansvarlig overlege frå kvart sjukehus (Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund), utdanningskoordinerande lege og ein LIS-representant.

Vi har felles YLF-tillitsvalgt for avdelinga, eigen tillitsvalgt for overlegane. 

For spørsmål om spesialistutdanningen kan du ta kontakt med utdanningskoordinerande lege i avdelinga, overlege Morten Hjelle, e-post: Morten.Erik.Hjelle@helse-mr.no​ 

Seksjonsleiarane vil også kunne sette deg i kontakt med utdanningsansvarlig overlege i den aktuelle seksjonen. Oppdatert informasjon om dei ulike seksjonane og kontaktinformasjon finn du på vår avdelingsside​.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.

Sist oppdatert 25.07.2023